Med ski og pulk i eit framandt land.
Heime rasar krigen vidare på tredje året. Norsk natur hjelper han med å tenke på andre ting.
Han er éin av 17 ukrainske flyktningar som lever livet på ein folkehøgskule på Nordvestlandet, og han elskar det.

Integrering på folkehøgskule

Skulen som hadde hjarterom.

Eit år på folkehøgskule er spesielt for dei som går der.

Ein bur, et, lærer og lever tett saman med om lag 80 andre unge vaksne.

Men søkartala for folkehøgskulane har dalt. Det gav plass til ei stor gruppe med ukrainarar.

I staden for å gå introduksjonsprogram og bli busett på vanleg vis, lærer dei norsk her og blir integrerte med jamnaldrande.

– Eg såg ein video på TikTok og søkte. Eg kjenner meg heldig fordi berre nokre frå Ukraina har høve til å gå her. Eg likar det verkeleg.

Yuliia Odintsova

Men korleis hamna dei her?

Gjemnes kommune skulle busetje hundre flyktningar i 2023. Det er nesten fire prosent av befolkninga i den vesle vestlandskommunen.

– Vi såg stort på det å strekke seg langt når ein ser det som skjer, det «trumfa forstanden». Vi var veldig i tvil om det var tilgjengelege bustader.

Knut Sjømæling, ordførar i Gjemnes (Sp).

Dei hadde ikkje klart målet utan hjelp frå folkehøgskulen. Ålesund har til samanlikning busett tre gonger så mange, men dei har 25 gonger så mange innbyggarar.

Yuliia har nettopp sove si fyrste natt i telt på vinterstid.

– Det gjekk fint. Det var verkeleg varmt og koseleg. Eg hadde mange klede under meg som gjorde det komfortabelt.

Yuliia Odintsova

Sasha likte godt å høyre vinden utandørs mens han sjølv låg i ein varm sovepose. Dei to går friluftslinje på skulen.

Han reiste frå Ukraina som 17-åring. Etter å ha strevd med å kombinere nettstudium og jobb i Polen, foreslo mora Noreg.

– Vennene mine heime sa at: «Sasha, vi har krig, og du treng det ikkje.» Det er også mi avgjersle å ikkje bli der.

Oleksander «Sasha» Kobzar

I klassen er det elevar frå fleire ulike land. Dei har eit tett samhald og jobbar i lag for å takle utfordringane.

– Det er viktig for meg å reise til ein stad som dette, ha det kjekt, lage bål og snakke med venner. Eg prøver å ikkje tenke på krigen.

Oleksander «Sasha» Kobzar

Det er også rom for litt leik.

– Eg elskar det verkeleg. I Ukraina hadde vi ei gruppe på skulen min som drog til Karpatane, sov i telt og laga bål. Det var livet mitt før krigen.

Oleksander «Sasha» Kobzar

– Etter haustferien går all undervisninga på norsk. For lærer du norsk, så lærer du kulturen og kva du har kome til.

Morten Johansen, lærar på Nordvestlandet folkehøgskole

Elevane prøver å gå på ski med pulk. Dei trenar til lengre turar.

Yuliia har nettopp lært seg å stå på ski. Å trekke pulk i tillegg synest ho er veldig vanskeleg.

Ho er framleis litt ustø.

– Eg må utfordre meg sjølv. Eg har prøvd mange nye ting dette året, som å hoppe frå ein 12 meter høg foss. Det var så skummelt, men eg likte det.

Yuliia Odintsova

– Det er veldig bra for meg. Eg kjenner meg sterk etter alle turane, kan snakke eit nytt språk, og blir stadig betre.

Oleksander «Sasha» Kobzar

Etter folkehøgskulen kan Sasha tenke seg å gå yrkesfag. Kanskje han jobbar litt som servitør også.

Yuliia håpar å bli ferdig med studia. Ho vurderer også yrkesfag, men vil eigentleg kome i gang med jobb snart.

Før krigen tenkte ho aldri at ho skulle utanlands, fordi det var mange moglegheiter og kjempefint å bu i Ukraina.

– Mange unge reiste ut, og det er blitt vanskeleg bu der. Menn kan ikkje gå ut, politiet vil finne deg og ta deg med til krigen. Det er veldig ille.

Etter krigen reknar ho med at det framleis vil vere mange problem i Ukraina.

– Eg saknar verkeleg Ukraina, men trur ikkje eg vil flytte tilbake etter krigen. Eg tenker det er betre å bli i Noreg kor det er betre moglegheiter.

Yuliia Odintsova

Fotojournalist

Marius André Jenssen Stenberg
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal