Hopp til innhold

Kraftlinja er i bruk, men kampen held fram

Den 24. april skal grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger endå ein gong i retten i den langvarige striden om kraftlinja gjennom dalen.

Myklebustdalen

STRAUMFØRANDE: Siste delen av kraftlinja Fardal-Ørskog vart teken i bruk i desember 2016.

Foto: Alf Vidar Snæland

Den siste delen av landets største kraftleidningsprosjekt, Ørskog-Fardal, vart sett i drift 6. desember 2016. Men framleis held konflikten mellom ni grunneigarar i Myklebustdalen på den eine sida og Olje- og energidepartementet og Statnett på den andre sida, på.

I april 2015 sa Gulating lagmannsrett nei til kravet frå grunneigarane om å stanse bygging av kraftlinja gjennom dalen. Denne avgjerda vart anka av grunneigarane.

Tre dagar før jul

Magne Revheim

FØRER SAKA: Magne Revheim er advokat for grunneigarane i Myklebustdalen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Avgjerda vart anka. Hausten 2015 avviste Fjordane tingrett anken. Grunneigarane anka vidare til lagmannsretten.

– Så har saka blitt utsett fleire gonger i Gulating, seier Magne Revheim, som er advokat for grunneigarane.

Over fem år har gått sidan kampen starta. Fram til 21. desember 2011 var planen at kraftlinja skulle gå gjennom Førdedalen. Men tre dagar før jul avgjorde dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) at dei store kraftmastene i staden skulle reisast i Myklebustdalen.

Myklebustdalen

TO TRASEAR: På kartet er linjealternativet gjennom Førdedalen markert med raudt, Myklebustdalen med blått.

Oppturar og nedturar

Grunneigarane tok opp kampen. Dei meinte at Borten Moe tok si avgjerd på feil grunnlag. Dei klaga til Sivilombodsmannen, som kritiserte Olje- og energidepartementet.

Men etter meir informasjon frå OED, let ombodsmannen saka liggje.

Statnett kravde no å få tilgang til eigedomane for å byggje kraftlina.

Anleggsarbeidet i gang, og stansa

Den 19. september 2013 gav Fjordane tingrett Statnett løyve til å byggje kraftlinja medan saka verserte i rettssystemet, og 11 dagar etter var anleggsmaskinar, helikopter og folk på plass.

Men anken førte fram til den kanskje største av alle oppturane for grunneigarane. For den 27. juni 2014 gav Gulating lagmannsrett grunneigarane medhald. Retten sa at Ola Borten Moe sitt vedtak hadde store manglar og "bygde på eit (…) vesentleg feilaktig faktisk grunnlag».

Då vart det stans i anleggsarbeidet. Men ikkje så veldig lenge. Dåverande olje- og energiminister Tord Lien (Frp) brukte litt tid på å vurdere saka, men 9. september same året hadde han konkludert: Arbeidet kunne halde fram, iallfall inntil saka var avgjort i retten.

Grunneigarar i Myklebustdalen

MANGE TIMAR I RETTEN: Fire av grunneigarane i Myklebustdalen. Frå v. Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Heilt utruleg

Så, i februar 2015, endra Regjeringa forskriftene for Sørdalen naturreservat, ei endring som opna for bygginga av kraftlinja. Advokaten til grunneigarane, Magne Revheim, sa då dette til NRK:

– Grunneigarane tykkjer det er heilt utruleg. Dei har halde på i mange år, og så endrar staten spelereglane like før hovudforhandlingane førstkomande tysdag.

Denne endringa vart avgjerande. I mai 2015 sa Gulating lagmannsrett nei til kravet om å stanse anleggsarbeidet.