Hopp til innhold

Høgsterett har sett endeleg punktum for dramatisk strid om kraftliner

Grunneigarane nådde ikkje fram med anken i den langvarige striden om kraftlinene i naturreservatet Myklebustdalen i Bremanger.

Myklebustdalen

HØGE MASTER: Grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger har vore alt anna enn nøgde med at Statnett bygde kraftlinja gjennom dalen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Høgsterett har dermed sett eit rettsleg punktum i ein strid som har involvert fleire statsrådar, nabokrangel og søksmål. Det er nettstaden Europower som fortel denne nyheita onsdag føremiddag.

I sommar avviste Gulating lagmannsrett anken på tingretten sin dom i saka om bygging av dei store mastene og linene til Statnett gjennom Myklebustdalen. Grunneigarane var ikkje nøgde med det og anka vidare, utan suksess.

Punktum for saka i rettssystemet

– Dei må konstatere at Høgsterett har avvist anken. Dei er sjølvsagt skuffa over det. Samstundes var dei førebudd på at det kunne bli utfallet. Det er jo slik at det er eit mindretal av ankane som kjem inn til Høgsterett som slepp igjennom, seier advokaten deira, Bjørn Tore Steffensen.

Han slår fast det rettsleg sett ikkje er meir å gjere for å få saka vidare i rettssystemet.

– No må vi halde oss til at Gulating lagmannsrett si avgjerd er rettskraftig. Det er ikkje så mykje meir å gjere med denne saka no.

Ola Borten Moe

AKTØR: Dåverande energiminister Ola Borten Moe (Sp) avgjorde kvar kraftlinja skulle gå, og møtte sterk motbør.

Foto: NRK

Skapte strid og splid

Linja i Myklebustdalen er ein del av Ørskog-Fardal-sambandet, som er sett i drift og skal syte for tryggare og meir stabil straumtilførsle på Nordvestlandet.

Striden om kvar linja skulle gå nådde dei store overskriftene då dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) endra den planlagde traseen for linja i Bremanger. Det blei hevda at det var etter påtrykk frå lokale partifellar, noko han avviste blankt.

I 2014 måtte Statnett stogge bygginga av linja, men regjeringa greip inn og endra reglane slik at bygginga kunne halde fram. Det førte til nye rundar i retten som grunneigarane tapte, skriv Europower.