Årsaka er ras, som truleg skuldast mykje nedbør. Denne hovudfartsåra mellom Møre og Romsdal og Trøndelag kan bli stengt i eit par dagar, for store delar av vegbana er tatt av raset.
Fryktar fleire ras
Even Sande ved teknisk etat i Surnadal utelukkar ikkje fleire ras. Geologar er i gang med å undersøke rasområdet.
Ingen blei skadde i raset ved Øye i Surnadal i dag tidleg. Men det tretti meter breie raset gjekk mot eit gardsbruk, og bonde Eirik Sæterbø måtte avlive fleire sauer.
Bilde: Tor Helge Solli, Driva.
Jordraset i dag tidleg gjekk mellom husa på garden og drepte tre sauer då det tok med seg eine veggen i fjøset.I tillegg øydela raset to uthus. Sæterbø har arbeidd på spreng i dag for å berge sauer og fjøs, men det er framleis fare for at fjøset kan rase saman.
Men det kunne ha gått mykje verre. Raset passerte midt mellom to bustadhus på garden, og dei som bur der var heldig som ikkje blei treft.
Kritikk mot vegvesenet
Dei som bur i området er misfornøgd med den jobben Statens vegvesen har gjort. Vedlikehaldet av vegen har vore alt for dårleg, meiner folk i området. Dei kritiserer vegvesenet for berre å ha lappa på vegen gong etter gong.
Vegen held på å sige ned, men vegvesenet har ikkje gjort noko for å sikre vegen, meiner innbyggjarane.
Evakuering
Lensmannen i Surnadal har vurdert evakuering av garden, men det er no opphaldsver i området og veret lettar. Det har og vore vurdert å evakuere eit bustadhus lenger ned mot Skei sentrum.
Riksveg 65 er altså stengt, men det er mulig å køyre om Kvanne-Røkkum og det er mulig å passere rasstaden til fots.