NRK Meny
Normal

Jordmor vil gje snusarar dårleg samvit

Jordmødre er uroa over at fleire unge kvinner brukar snus, nye tal viser at bruken er tredobla på fem år.

Vi skal starte sendinga med tobakk. I dag kom det fram at bruken av snus er tredobla dei siste fem åra. Helsestyremaktene åtvarar om store konsekvensar, ikkje minst for barn i mors mage.

Jordmor Bodil Otterlei Fjørtoft og andregangsfødande Ragnhild Nordang er einige om at det må bli meir snakk om snus. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen.

Helsestyremaktene åtvarar om store konsekvensar, ikkje minst for barn i mors mage.

Ei av fire jenter under 24 år bruker snus. Det uroar Bodil Otterlei Fjørtoft, som er kommunejordmor i Haram.

Bodil Otterlei Fjørtoft, kommunejordmor Haram

Bodil Otterlei Fjørtoft trur at mange opplever snus som mindre farleg enn røyking.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Desse tala er skremmande. Det betyr også at vi må setje dette på dagsorden. Ifølgje Fjørtoft er det ikkje enkelt å kartlegge snusbruk blant gravide. På helsekortet er det nemleg ikkje mogleg å hake av for om ein snusar eller ikkje.

– Eg trur at mange opplever snus som mindre farleg enn røyking.

Vil gje snusarar dårleg samvit

På legekontoret i Haram finst det ein drøss med brosjyerer om kor farleg det er å røyke under svangerskapet. Men ikkje ein einaste plass er ordet snus nemnt.

– Men no kjem vil til å begynne å pirke på dei som snusar, slik at dei får dårleg samvit, seier jordmora.

Snusing kan blant anna gi auka risiko for dødfødde og for tidleg fødte barn. Nikotin har akutte effektar på hjarte- og karsystemet, og kan auke hjartefrekvens, blodtrykk og motstanden i hjarte sine blodårar. Det kan også påverke funksjonen i hjartemuskelen.

Vil ha meir snakk om snus

Ragnhild Nordang er godt på veg inn i sitt andre svangerskap. Ho meiner det er svært positivt at det no er meir fokus på snusing blant gravide. Sjølv blei ho ikkje spurt om ho snusa då ho var gravid med sitt første barn.

– Denne gangen spurte jordmora meg om eg snusa.

Ikkje akseptabelt

Alice Slyngstadli og venninna Margareth Giske

Alice Slyngstadli og Margareth Giske seier at folk ser ned på gravide som snusar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Alice Slyngstadli og venninna Margareth Giske meiner at det ikkje er akseptabelt for gravide å røyke eller snuse.

– Dei blir sett ned på, seier Slyngstadli.

Onsdag la FHI fram rapporten «Helserisiko ved bruk av snus», som er laga på bestilling frå Helse – og omsorgsdepartementet. Den samanstiller eksisterande forsking på området, og konklusjonen er at mange trur framleis at snus ikkje er skadeleg for helsa, men det stemmer ikkje.

I 2009 importerte Noreg 602.277 kilo snus og annan røykfri tobakk. I 2013 var importen tre gonger så stor: 1.815.029 kilo.