Hopp til innhold

Så farleg er snus for deg

Snusbruken i Noreg er tredobla i løpet av dei siste fem åra. Folkehelseinstituttet åtvarar no om ein snus-epidemi blant unge som kan gje kreft, diabetes, dødfødslar og hjartedød.

Studentar ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Kvar tredje mann i aldersgruppa 16–24 år snusar dagleg eller i blant. Studenten Marius Rosmæl (t.v.) er ein av dei som brukar mykje av pengane sine på snus.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Ut ifrå budsjettet blir det litt vel mykje snusing, tre–fire boksar i veka. Eg skulle gjerne ha vore forutan, seier student Marius Rosmæl (23) ved Høgskolen i Oslo til NRK.

Snusbruken i Noreg spreier seg som eld i tørt gras, særleg blant ungdom og unge vaksne.

I aldersgruppa 16–24 år snusar no kvar tredje mann og kvar fjerde kvinne dagleg eller av og til. Dette får Folkehelseinstituttet til å slå alarm.

Ny rapport om snus: Kreft, hjartedød og diabetes

FHI-direktør Camilla Stoltenberg

Camilla Stoltenberg er direktør ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Det er urovekkjande mange unge som snusar i Noreg. Det liknar ein epidemi fordi det er eit fenomen som aukar raskt i omfang i befolkninga – nesten som ein smittsam sjukdom, fortel direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet (FHI).

Onsdag legg FHI fram rapporten «Helserisiko ved bruk av snus», som er laga på bestilling frå Helse – og omsorgsdepartementet. Den samanstiller eksisterande forsking på området.

FHI sin konklusjon er soleklar:

– Mange trur framleis at snus ikkje er skadeleg for helsa, men snus er farleg, seier Stoltenberg.

Snussal i kantina ved Høgskolen i Oslo

I 2009 importerte Noreg 602.277 kilo snus og annan røykfri tobakk. I 2013 var importen tre gonger så stor: 1.815.029 kilo.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

FHI-direktøren viser særleg til tre helserisikoar ved snusbruk som det no finst sterk dokumentasjon for:

  • Ulike typar kreft, spesielt i bukspyttkjertelen, matrøyret og munnhola, men også elles i mage og tarm.
  • Utvikling av diabetes type 2 og overvekt
  • Låg fødselsvekt, premature fødslar og dødsfødslar ved snusing under svangerskapet

I tillegg har nikotin akutte effektar på hjarte- og karsystemet, og kan auka risikoen for å døy etter eit hjarteinfarkt eller hjerneslag, ifølgje rapporten.

Forskar: – Betre med snus enn røyk

Forskningsleder Karl Erik Lund i SIRUS

Forskingsleiar Karl Erik Lund i SIRUS meiner det er feil å snakka om ein snus-epidemi.

Foto: Tor Risberg / NRK

Forskingsleiaren Karl Erik Lund ved Staten sitt institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) meiner det er feil å kalla utviklinga i snusbruken for ein epidemi.

– Me ser også klare teikn til at snus-trenden er i ferd med å roa seg. Blant menn ser det ut til at me no er over den raskaste vekstperioden. Bruken ser ut til å kunne fortsetja å auka blant kvinner, men ein epidemi vil eg ikkje kalla det, seier Lund til NRK.

Ifølgje forskaren er 80 prosent av snusbrukarane tidlegare røykarar eller røykarar som prøver å stumpa røyken og ungdom som elles ville ha begynt med sigarettar.

– Det er mykje betre at dei brukar snus enn at dei røykjer. Snus er vesentleg mindre risikofylt enn det på røykja sigarettar, meiner Lund.

Han understrekar likevel at helserisikoen ved snusing ikkje må bagatelliserast:

– Snus aukar risikoen for ein del sjukdomar og komplikasjonar i svangerskapet. Men det aukar ikkje sannsynet for dei sjukdomane som gjorde sigarettane til ein verdsomspennande epidemi som tok livet av halvparten av brukarane, argumenterer Lund.

Rein Ramstad vil slutta med snusen

Rein Ramstad har klart å trappa ned frå åtte snus om dagen til ein i veka. Han bestemte seg for å slutta etter at tannlegen fortalde om skadane på tannkjøttet og tennene.

Foto: NRK

Brukte 1,8 millionar kilo snus i 2013

I 2009 importerte Noreg 602.277 kilo snus og annan røykfri tobakk. I 2013 var importen tre gonger så stor: 1.815.029 kilo.

Dei runde plastboksane er eit vanleg syn på bordene på Høgskulen i Oslo.

Faren for hjartesjukdomar, kreft og diabetes uroar ikkje snusbrukarane NRK har snakka med.

Dei nemner økonomi og «at det ser stygt ut» som dei største ulempene med snusinga.

Tannhelsa var motivasjonen då student Rein Ramstad (23) bestemte seg for å slutta for om lag to månader sidan.

– Eg snusa åtte om dagen. No er eg nede i ein snus i veka. Utover at det er dårleg for tenner og tannkjøtt er det ikkje ein annan grunn til at eg vil slutta, seier Ramstad til NRK.

Etterlyser meir forsking

Framleis er det mykje ein ikkje veit om korleis snusing påverkar kroppen på lang sikt.

– Dei som snusar mest er så unge. Det tek lang tid å utvikla desse helseskadane. Det er først no me begynner å sjå verknaden av det, og me vil sjå det i åra framover, seier FHI-direktør Stoltenberg.

FHI-direktøren etterlyser meir forsking på området, og meiner det hastar å opplysa folk betre om helsefaren ved snusing.

– Helserisikoen har fått for lite merksemd og ikkje vore tilstrekkeleg dokumentert. Det er den framleis ikkje, seier Stoltenberg.

Tobakksindustriens felleskontor ville tysdag venta med å kommentera denne saka til dei sjølv har fått lese FHI-rapporten.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT