Hopp til innhold

Vil finne ut om ein bør vente med å klippe navlesnora ved keisarsnitt

På Ålesund sjukehus blir det no forska på korleis ein kan gi barn ein best mogleg start på livet når dei blir fødde med keisarsnitt. Kanskje kan eitt svar vere å vente med å klippe navlesnora.

Ein nyfødd baby blir heldt fram til ansiktet til mor like etter fødsel.

NAVLESNORSTUDIE: I studien som no er på gang har ein følgt 151 kvinner som har født ved hjelp av keisarsnitt.

Foto: Elisabeth Sæther

Elisabeth Sæther har teke imot mange nye, små menneske som har kome til verda på Ålesund sjukehus.

Ho er jordmor, og er akkurat no i gang med eit forskingsprosjekt om keisarsnittfødslar.

Prosjektet går ut på å prøve å bevare navlesnora til nyfødde ungar intakt dei første minutta etter dei er fødde. I dette tilfelle er det dei som er fødde med keisarsnitt vi ser spesielt på.

Studien INTACT går altså ut på at ein ventar med å klippe navlesnora på babyar som blir fødde ved hjelp av keisarsnitt.

Ein nyfødd baby ligg på eit laken med ei blå strikka hue. Fleire hender held i babyen, og sakser for å klippe av navlestrengen.
Foto: Elisabeth Sæther

I studien har Sæther følgt 151 kvinner som har født ved hjelp av keisarsnitt.

Når barnet blir født så blir det lagt på mora sine lår. Så ventar vi ca. eitt minutt med å ta ut morkaka. Så blir både morkaka og barn flytta til eit arbeidsbord – slik at dei barna som treng pustehjelp kan få dette med intakt navlesnor, fortel Sæther.

Fleire fordelar

Jordmora seier at viss alt er derimot er greitt med barnet, så brukar dei meir tid på å la foreldra helse på barnet. Og at dei raskt legg barnet tilbake til mora slik at det får ligge hud mot hud, medan dei ventar med å klippe navlesnora.

Elisabeth Sæther, jordmor og stipendiat ved Ålesund sjukehus.

Jordmor og stipendiat Elisabeth Sæther ved Ålesund sjukehus skal no jobbe med å analysere funna frå studien.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kva er fordelen med å behalde navlesnora lengst mogleg?

Det er fordi dei skal få med seg det ekstra blodet som finst i morkake og navlesnor inn i nyfødtperioden. Og der er det mykje godt som dei har bruk for. Blant anna jern, fleire stamceller og betre blodvolum.

Sæther fortel at dette er noko ein har vore god på når det gjeld «vanlege» vaginale fødslar. Men ved keisarsnitt har det vore vanskelegare å få til.

– Så langt ser vi berre positive resultat både for mor og barn.

Aktuelt over heile verda

Barnelege Beate Horsberg Eriksen er rettleiar for prosjektet. Ho seier det er krevjande å gjennomføre eit slikt forskingsprosjekt.

Det er fleire avdelingar som har samarbeida i tverrfagleg forsking. Det er ei vanskeleg oppgåve å ta på seg. Men vi har hatt fantastisk samarbeid.

Eriksen seier forskinga kan bli viktig over heile verda, og at dei no ventar på dei endelege resultata frå studien.

Og når ein då finn eit forskingsområde som er så aktuelt internasjonalt så gjeld det å få dei resultata ut til verda og publikum. Og det er den neste planen vår no, fortel Eriksen.

Barnelege Beate Horsberg Eriksen og jordmor Elisabeth Sæther står tett ved sidan av kvarandre og smiler inne på Ålesund sjukehus. Dei har begge på seg kvite sjukehusklede.

Barnelege og rettleiar Beate Horsberg Eriksen og jordmor og stipendiat Elisabeth Sæther.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Vil fortsette å bruke metoden

Sæther er den første jordmora ved Ålesund sjukehus som tek doktorgrad. Seksjonsleiar ved fødeavdelinga på Ålesund sjukehus, Marianna Omvik, seier dei er stolte av arbeidet ho har gjort.

Vi er veldig stolte av at det no er ei jordmor som tek doktorgrad, som kan inspirere andre kollegaer til å gjere det same, og forske på viktige tema.

No skal funna analyserast, før Sæther kan trekke ein konklusjon. Men ho seier dei kjem til å fortsette med denne metoden på fødeavdelinga i Ålesund.

No har ikkje vi laga noko statistisk analyse av dette endå, men det som har vore viktig for oss for fortsettinga er å sjå at det i alle fall ikkje har negative konsekvensar.

Ho seier dei så langt ser gunstige resultat både for mor og barn.

Og det gjer at vi har bestemt at vi fortsett med denne metoden som vi har utvikla, og at det blir standardbehandlinga for keisarsnitt.

Ein nyfødd baby ligg på brystet til mor. Babyen har på ei blå strikka hue, mor har ei sjukehusskjorte.

Jordmor Sæther fortel at sjølv om dei ventar lenger med å klippe navlesnora er dei raske med å la babyen ligge hud mot hud med mor.

Foto: Elisabeth Sæther