Får ikkje tak i nok vikarar – jordmorforeninga fryktar kollaps i sommar

Ei undersøking viser at fødeavdelingar over heile landet går sommaren i møte med store hol i vaktplanen. Sjekk korleis det står til i din region.

Jordmor Ingeborg Anne Hjertholm på Kvinneklinikken i Bergen.

LÅG BEMANNING: Jordmor og tillitsvald på Kvinneklinikken i Bergen, Ingeborg Anne Hjertholm, seier ein bør tilsette fleire på Kvinneklinikken for å lette på arbeidspresset til dei tilsette.

Foto: STIAN SØRUM RØKENES / NRK

– Eg tenker at enkelte stadar nærmar dei seg kollaps på bemanninga om dei ikkje set i verk tiltak, seier leiar i Den norske jordmorforening, Kari Aarø.

Sjølv om dei fødande får eit forsvarleg tilbod, fryktar ho det vil gå ut over kvaliteten. Ei undersøking foreininga gjorde blant sine tillitsvalde førre veke, viser at om lag 1700 vakter står tomme i sommar. Bergen og Stavanger står for over halvparten av dei.

– Eg trur mange gruar seg til sommaren. Det blir hektisk og lange arbeidsdagar, seier Ingeborg Anne Hjertholm, tillitsvald for jordmødrene på Kvinneklinikken i Bergen.

Ho vil også understreke at det skal vere trygt å føde på Kvinneklinikken i sommar.

– Det som vi dessverre ser er at når vi har det travelt, så går det ut over barselhjelpa. Det bør det bli gjort noko med, seier Hjertholm.

Anne Hjertholm er jordmor på Kvinneklinikken i Bergen.

GRUAR SEG: Jordmor og tillitsvald, Ingeborg Anne Hjertholm, trur mange jordmødrer gruar seg til sommaren.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Undersøkinga viser at i Bergen har dei 527 vakter som foreløpig står tomme. Klinikksjefen seier dette er ei utfordring kvart år, men effektane av pandemien gir grunn til bekymring.

– Vi har hatt ein lang periode der dei tilsette har stilt opp mykje. Skal vi klare å avvikle ferie, så er vi avhengige av at dei også stiller opp i sommar, seier klinikkdirektør Susanne Albrechtsen.

Ho seier at pandemien har blant anna ført til høgare sjukefråvær.

– Vi er bekymra for sommaren. Vi ser at det er tilsette som gir uttrykk for at dei er sliten, og at dei i tillegg då må ta på seg ekstra vakter gjer det ekstra vanskeleg.

Albrechtsen peiker på at sjølv om Kvinneklinikken i Bergen er ein attraktiv arbeidsplass, så slit dei også med å rekruttere nok jordmødrer gjennom heile året. Noko dei ikkje er åleine om.

NRK har tatt ei rundspørjing hos helseføretaka. Dei bekreftar mangelen og at det er utfordringar.

NRK si rundspørjing viser at mange føretak slit med sommaren.
Helse Nord: To av fire helseføretak har sommarstenging på fødeavdelingane. Alle føretaka seier det er vanskeleg å rekruttere.
Helse Midt-Norge: Alle tre føretaka har problem med å skaffe nok vikarar i sommar. Eitt føretak seier at sjukefråver også skaper problem.
Helse Vest: Eitt av fire føretak ser på sommarstenging som eit alternativ. Eit anna seier dei ikkje har problem med rekruttering.
Helse Sør Øst: Alle 8 føretak seier det er vanskeleg å skaffe nok vikarar til sommaren. Er avhengig av at eigne tilsette stiller opp, og tar ekstravakter i sommar.

Ahus: Kabalen i sommar går ikkje opp

– Feriekabalen går ikkje heilt opp. Vi veit at planleggingsfasen er ein ting, men det skjer heile tida endringar. Vi ser at dei tilsette strekkjer seg langt på sommaren. Vi hadde ikkje klart oss utan fleksibiliteten frå våre tilsette, seier Nina Lund, som er avdelingssjef på føde og barsel på Akershus universitetssykehus.

Jordmorforeninga er uroa over denne utviklinga.

– Dei faste tilsette må strekke seg langt for å få drifta til å gå. Vi er bekymra, seier Aarø.

Ho meiner fleire kan komme i same situasjon som Kristiansund, der fødeavdelinga er stengt for fødslar på grunn av mangel på kvalifisert personell.

NRK har tatt ei rundspørjing hos helseføretaka. Dei bekreftar mangelen og at det er utfordringar.

Nesten umogleg å finne jordmødrer

Bemanningsbyråa som tilbyr vikarar til fødeavdelingane seier dei har store problem med å få tak i nok folk.

– Det er veldig stor etterspurnad, men det er nesten umogleg å finne ledige jordmødrer. Både fordi faste personale skal ha ferie, men også fordi det er mange fødslar på sommaren, seier Bård Kristiansen i Dedicare.

Vikarane dei bruker kjem som regel frå Danmark eller Sverige, men der opplever også bemanningsbyrå problem med å rekruttere nok folk.

Danske Powercare seier dei merker at behovet for jordmødrer er større enn nokosinne. Det gjer også vikarbyrået Randstad.

– Det er neppe mogleg å dekke behovet det er for jordmødrer i år. Vi klarer å rekruttere nokon, men dette er stort sett dei som allereie er i fast jobb som ønskjer å jobbe ekstra i ferien, seier Bente G. H. Slaaten i Randstad.

Helseføretaka sitt ansvar at bemanninga er forsvarleg

Helsedepartementet seier situasjonen no er krevjande, men at det er helseføretaka sitt ansvar at bemanninga i sommar er forsvarleg.

– Vi føreset at alle helseføretak gjer det dei skal, nemleg å lage gode bemanningsplanar, og å sørge for å ha forsvarleg bemanning gjennom sommaren. Det har dei gode erfaringar med, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke.

Kva om dei ikkje får tak i nok folk som kan jobbe i sommar?

– Det er opp til kvart enkelt helseføretak å sørge for at dei gjer, svarer Bjerke.