Hopp til innhold
Tilleggsforhandlingene mellom staten og Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukerlag
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Jon Georg Dale

Oppsummert

Jon Georg Dale (Frp) frå Volda er ein norsk politikar. Dale er no samferdselsminister, men har tidlegare vore mellom anna landbruksminister.

  • Dale til London 17. mai

    Jon Georg Dale blir hovudtalar under det offisielle 17. mai-arrangementet i Southwark Park i London. Dale har også andre gjeremål medan han er i London. 15. mai står samferdsel på programmet når Dale skal i møte med Transport for London og Go-Ahead, sistnemnde ein av Storbritannias største togoperatørar. Dale får også omvising på London Underground. 18. mai blir sunnmøringen til stades når Norge sitt U21-lag i rugby møter Hellas til kvalifiseringskamp i London.

    Jon Georg Dale
    Foto: Erik Waage
  • – Vi må ta tøffare grep

    Vi må gjere tøffare prioriteringar dersom det skal lykkast å få meir av godstransporten over på sjø. Det sa samferdselsminister Jon Georg Dale under North West festivalen i Ålesund i dag. I mange år har det vore mykje snakk om å få gods over frå veg til sjø. No trur samferdelsministeren at resultata kjem. Men det kan ikkje vere containerhamner overalt, vi må samle meir volum på færre hamner, seier Jon Georg Dale.

    Samferdselsminister, Jon Georg Dahle (Frp)
    Foto: Alf Ivar Martinsen / NRK
  • – Stor medkjensle med Wara

    Jon Georg Dale fungerer frå no av som justis- og beredskapsminister, i tillegg til å vere samferdselsminister. Dale skriv på Facebook i dag at han har stor medkjensle med Tor Mikkel Wara og familien hans. Wara har inntil vidare pause frå jobben som justis- og beredskapsminister, sidan sambuaren hans er sikta i høve ein brann i familiens bil søndag. – Eg skal inntil vidare både vere samferdselsminister og justis- og innvandringsminister. Dette er to tunge og viktige fagfelt. Eg vil gjere alt eg kan for å gjere ein god jobb på begge desse felta, melder Dale.

    Nye ministere i regjeringen
    Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
  • – Ein kjem langt med 200 millionar

    Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) møtte i dag samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) til debatt i Dagsnytt 18. Tryggestad håper på ekstramidlar til tiltak ved det rasutsette området Grande i Geiranger, men som NRK melde tidlegare i dag har ikkje Dale planar om å dele ut det no. – Vi har bidrege til rassikringsmidlar til fylket, som dei sjølve må fordele. Dessutan må det på plass mellom anna regulering og eit planlagt prosjekt. Per no finst det ikkje noko prosjekt å ta omsyn til, sa Dale under debatten. Tryggestad la på si side vekt på å få å få ned ventetida og at prosjektet nødvendigvis ikkje blir så dyrt. – Eg trur ein kjem langt med 200 millionar kroner, sa Stranda-ordføraren. Han kalla likevel signala frå samferdselsministeren for lovande. – Vi skal få på plass alle detaljar som trengst, varslar Tryggestad.

    Jan Ove Tryggestad
    Foto: Synnøve Hole / NRK