Dale: – Fylket må sjølv prioritere

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) og Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) ønskjer eit hastemøte med samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) for å be om ekstra rassikringsmidlar til Grandefonna i Geiranger. Det er uklart når møtet blir halde, men skal vi tru ein e-post Dale har sendt NRK i dag kan ikkje politikarane frå Møre og Romsdal ha veldig store forventingar om økonomisk hastehjelp frå staten. – Vegen dei spør om her er ein fylkesveg. Det betyr at det er fylket som må på prioritere, regulere og fastsetje eventuelle tiltak. Rammene for tilskot til rassikring på fylkesveg i perioden 2018–2029 er i NTP (Nasjonal transportplan) sett til 12 milliardar kroner. Dette gir fylka handlingsrom til å gjere prioriteringar sjølv. Møre og Romsdal fylke har fått – og er planlagt å framleis få – vekst i løyvingane til rassikring under denne regjeringa, skriv Dale.

Jon Georg Dale
Foto: Silje Guddal / NRK