Hopp til innhold

Desse to kan kome på Tinget

Frp sin 3. og 4. kandidat kan kome på Stortinget, dersom Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale held fram som statsrådar.

Jan Steinar Engeli Johansen og Knut Flølo

Jan Steinar Engeli Johansen og Knut Flølo kan kome på Mørebenken, dersom framgangen til Frp held fram.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Jan Steinar Engeli Johansen trur at målet om Stortingsplass er innan rekkevidde.

– Dette er meir enn vi hadde trudd å håpe på, seier Johansen. Han er tredjekandidaten til FrP og for han er det fleire måtar å kome inn på Stortinget på. Dersom dei to første på lista, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale held fram som statsrådar, kjem både Johansen og fjerdekandidat Knut Flølo inn. Dersom Frp får inn fleire enn to representantar, kan Johansen kome inn, sjølv om dei to ikkje vert statsrådar.

Jan Steinar Engeli Johansen

Jan Steinar Engeli Johansen sjekkar prognosane.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Det viser jo at strategien vi la med tre månader på hjul verkar, Vi har vore fylket rundt, besøkt bedrifter og lært fylket å kjenne, seier Johansen.

Flølo er klar

Også Knut Flølo er klar for fire år på Mørebenken.

– Ut frå prognosen er vi jo inne med tre og då kjem eg inn i erstatning for Sylvi og Jon Georg. Eg har trua. Dette blir bra, men vi på avvente litt, seier Flølo.

Han sit ved siden av Frank Sve, i partileiinga. Han meiner dette er resultatet av god laginnsats.

– Vi er eit erfarent parti som har gjort gode val i Møre og Romsdal. Vi har mobilisert heile rørsla, lokallaga og ikkje minst kandidatane, seier Sve. Han seier dei har vore opptekne av å forklare sin politikk for velgarane og snakke om kva dei har fått til i regjering.

Målet til Frp i Møre og Romsdal var to kandidatar, men håpet er tre. Femtekandidat på lista er Svein Harsjøen.

Valg: Frp-jubel

Det var jubel i Frp-leiren under valvaken då den første prognosen vart lagt fram.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Nesten inne, nesten ute i Møre og Romsdal

Partiene som er nærmest å vinne eller tape en mandat

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

Inne

R

SV

AP

SP

MDG

KRF

V

H

FRP

Inne

Ute

R

SV

AP

SP

MDG

KRF

V

H

FRP

Ute