Hopp til innhold

Direkte klokka 11.40: Bisettinga av Joachim Rønneberg

Joachim Rønneberg døydde søndag 21. oktober, 99 år gammal. I dag blir krigshelten bisett frå Borgund kyrkje.

Joachim Rønneberg var født 30. august 1919. Ålesunderen var en norsk motstandsmann som i årene 1941–1945 var medlem av Kompani Linge. Han er mest kjent for å ha ledet tungtvannsaksjonen på Vemork i februar 1943.

Sjå bisettinga av krigshelten Joachim Rønneberg.

Kronprins Haakon, finansminister Siv Jensen, forsvarssjef Hakon Bruun-Hanssen og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen er blant gjestane i bisettinga, som går direkte på NRK 1 og på nrk.no klokka 12.00. Sendinga startar klokka 11.40.

Ålesundaren Joachim Rønneberg, fødd i 1919, blir rekna som ein av dei store norske motstandsmennene under andre verdskrig. Han var lenge den siste attlevande frå Tungtvassaksjonen i 1943.

Joachim Rønneberg er død

BISETTING: Joachim Rønneberg døydde søndag 21. oktober, 99 år gammal. Rønneberg er mest kjent for å ha leia Tungtvassaksjonen i 1943.

Foto: Marte Christensen / NTB scanpix

Leia Tungtvassaksjonen

Joachim Rønneberg

MOTSTANDSMANN: Joachim Rønneberg.

Foto: Hjemmefrontmuseet

Rønneberg leia gruppa Gunnerside, som sprengde tungtvassanlegget på Vermork i Rjukan i 1943.

Produksjonen av tungtvatn var svært viktig for tysk atomforsking og dermed eventuell produksjon av atomvåpen.

– Rønneberg gjennomførte ein aksjon som har blitt beundra og studert i alle år etterpå, uavhengig av kva motivet var. Aksjonen var heilt etter boka, sa Arnfinn Moland, etter at Rønneberg døydde.

Moland er historikar og tidlegare leiar av Norsk Hjemmefrontmuseum.

Statue Joachim Rønneberg

STATUE: I 2014 vart det avduka ein statue av Joachim Rønneberg i Ålesund sentrum.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Hylla internasjonalt

Bortgangen til krigshelten Rønneberg vart også slått stort opp i internasjonal media.

– Joachim Rønneberg, som leia raidet som sletta ei tysk atombombe, dør 99 år gammal, skreiv New York Times.

Tre år tidlegare hadde den amerikanske avisa besøkt Rønneberg i Ålesund.

– Rønneberg redda verda, eller i alle fall bidrog han til at Hitler aldri fekk tak i ei atombombe, skreiv New York Times den gongen.

Også i britisk presse vart bortgangen til den norske krigshelten breitt omtala.

– Han hadde eit større namn i Storbritannia enn i Norge i visse krinsar, seier Arnfinn Moland.

Joachim Rønneberg

STOR I STORBRITANNIA: Forholdet mellom Joachim Rønneberg og Storbritannia er svært tett. Han var der mellom anna under delar av andre verdskrig. Her er Rønneberg i London i 2013, der han tok imot Union Jack, det britiske flagget, for sin innsats under krigen.

Foto: Nina Eirin Rangøy / NTB scanpix

– Ein av dei store heltane

I 1941, året etter at krigen braut ut i Norge, flykta Joachim Rønneberg til nettopp Storbritannia. Der vart han med i Norwegian Independent Company No. 1, seinare omtala som Kompani Linge.

Etter Tungtvassaksjonen i februar 1943 flykta Rønneberg til Sverige på ski. Han leia mot slutten av krigen Operasjon Fieldfare i Tafjordfjella på Sunnmøre.

– Rønneberg er ein av dei store heltane i norsk krigshistorie. Vi skal minnast han som ein viktig del av motstandsrørsla i Norge, sa statsminister Erna Solberg etter at bortgangen til Joachim Rønneberg vart kjent.

Høyr også:

Krigshetlen Joachim Rønneberg var også NRK-reporter i 40 år, og vi presenterer glimt av det han laga.

Krigshelten Joachim Rønneberg var også NRK-reporter i 40 år, og vi presenterer glimt av det han laga.

Fortalde historia si

I 1948 starta Rønneberg å jobbe ved NRK sitt distriktskontor i Ålesund. Der arbeidde han fram til han vart pensjonist på slutten av 80-talet.

Lenge var Rønneberg taus om kva han hadde opplevd under krigen. På 70-talet bestemte han seg derimot for å fortelje meir om opplevingane sine.

– Etter kvart kom eg til at folk hadde krav på eit svar. Det er viktig at vi alle kjenner til det som er skjedd. Då er det lettare å ta dei rette vala i framtida. Dei som veks opp i dag må forstå at vi alltid må vere villige til å kjempe for fred og fridom, sa Rønneberg.

I 2015 sende NRK dokumentaren «Den siste sabotøren».

Norsk dokumentar. Bare 23 år gammel ble Joachim Rønneberg plukket ut til å lede kommandosoldatene som skulle stoppe Nazi-Tysklands forsøk på å lage en atombombe. Aksjonen mot tungtvannsfabrikken på Vemork ble gjennomført på en så imponerende måte at den fremdeles er på pensumlisten for dagens spesialsoldater. Nå forteller 95 år gamle Rønneberg hvordan han opplevde den dramatiske aksjonen.

Norges veteranforbund for internasjonale operasjonar avdeling Sunnmøre, sette opp kondolanseprotokoll for Joachim Rønneberg sist veke.

Rønneberg

MINNEPROTOKOLL: Norges veteranforbund for internasjonale operasjonar avdeling Sunnmøre har sette opp kondolanseprotokoll for Joachim Rønneberg sist veke.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK