Kjølmoen om gratisferjer: Bra at regjeringa snur
Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) seier at det er både bra og naudsynt at regjeringa snur etter å ha fjerna gratisferje og nedskriving av studiegjeld ein rekke stader.
– Når du har lova noko i valkamp, må du halde det. Vi har hatt eit representantskap som var krystallklare på det. No leverer leiinga, og det er vi glade for, seier Kjølmoen, som for mange er kjent som «ferjepolitisk wonderboy».
Kjølmoen var sentral under forhandlingane i 2021 som etterkvart sikra lågare ferjetakstar og gratisferjer enkelte stader.
Arbeidarpartiet har fått kraftig kritikk for løftebrot. Kjølmoen meiner det er for tidleg å seie om partiet har tatt skade, men han er ikkje imponert.
– Eg trur ikkje vi har vore så styringsdyktige som vi liker å vere. Men alt som endar godt er bra, seier Kjølmoen.