– Dette kjem til å bli krevjande. Det gjeld alle kommunar. Vi får fleire brukarar. Det kjem til å kome ytterlegare krav til kvalitet. Vi må få på plass både bygg og bemanning, og der ligg nøkkelutfordringa.
Ordførar Trygve Grydeland (H) snakkar om kva krav den framtidige eldreomsorga vil stille til Molde kommune. Han har nettopp klubba gjennom ein plan for korleis eldreomsorga skal bli organisert i framtida.
Det er ikkje så lett å sjå inn i glaskula og vite kva som er rett avgjerd. Det er mange omsyn ein skal ta. Og fleirtalet i formannskapet ønskjer ei mellomløysing.
– Vi er ikkje der at vi vil leggje ned institusjonane i Midsund og Eidsvåg no.
Sjukeheimsdrifta ved Nesset omsorgssenter i Eidsvåg bli ikkje lagt ned. Men skjerma demensplassar kan bi flytta til Råkhaugen sentralt i Molde kommune.
Foto: Roar StrømStore endringar
Ei prosjektgruppa har vore i sving og foreslått store endringar i eldreomsorga i Molde kommune. Politikarane har tidlegare bestemt at ein skal velje mellom tre av dei alternativa som har blitt lagt på bordet
Alternativ 6 er det mest radikale når det gjeld organiseringa av tilbod, alternativ 4 inneber færrast endringar medan alternativ 5 blir omtalt som ei mellomløysing.
- Hans-Olav Landsverk
Alternativ 6
- Sjukeheimmsdrifta ved Kleive omsorgssenter blir avvikla.
- Sjukeheimsdrifta ved Nesset omsorgssenter blir avvikla.
- Skjerma demensplassar blir flytta frå Nesset omsorgssenter til Råkhaugen.
- Sjukeheimsdrifta ved Midsund omsorgssenter blir avvikla.
- 72 langtidsplassar blir etablert i Helsehuset på Lundavang.
- Roar Strøm
Alternativ 5
- Sjukeheimsdrifta ved Kleive omsorgssenter blir avvikla.
- Skjerma demensplassar blir flytta frå Nesset omsorgssenter til Råkhaugen.
- 24 somatiske langtidsplassar blir etablert i Helsehuset på Lundavang.
- Roar Jonny Strøm / NRK
Alternativ 4
- Kleive omsorgssenter blir vidareført.
- Nytt heldøgnsbemanna bufellesskap blir etablert i plansone Kleive/Hjelset.
- Skjerma demensplassar blir vidareført i Nesset omsorgssenter.
Men nokre tiltak er felles for alle alternativa:
- Sjukeheimsdrifta ved Skåla omsorgssenter blir avvikla.
- Det blir etablert eit helsehus på Lundavang.
- Glomstua blir vidareutvikla som somatisk sjukeheim.
- Råkhaugen blir vidareutvikla som omsorgs- og kompetansesenter for personar med demens.
- Bergmo omsorgssenter blir heildøgnsbemanna bufellesskap.
- Kirkebakken blir senter for barn, unge og familiar.
- Det blir etablert nye heildøgnsbemanna bufellesskap i Nesset og Midsund.
Forslaget om å leggje ned Skåla omsorgssenter i 2024 blei møtt med sterke reaksjonar.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKI 2024 foreslo kommunedirektøren i Molde å leggje ned omsorgssenteret på Skåla. Det blei avvist i kommunestyret i november der omsorgssenteret blei freda ut 2027. Men den langsiktige planen er å leggje ned sjukeheimsdrifta på Skåla.
Endringane i eldreomsorga i Molde kan bli omfattande. Den politiske prosessen har allereie starta.
Først blei planane presentert på eit ope informasjonsmøte. Deretter blei saka behandla i hovudutvalet for helse og omsorg. Her var det mellomløysinga som vann fram.
Fagleg forsvarleg
Tysdag var det politikarane i formannskapet sin tur. Først ut var Inger Cecilie Frisvoll (KrF) som helst ville støtte det mest radikale forslaget. Men under voteringa stemte ho for mellomløysinga.
– Det som er viktig for meg, er kva som er fagleg forsvarleg. Om eg må køyre ein time eller gå tre minutt er underordna.
Inger Cecilie Frisvoll (KrF) meiner ein må tenkje på kva som er fagleg forsvarleg.
Foto: Trond Vestre / NRKBåde Venstre og den uavhengige representanten Terje Tovan gjekk inn for alternativ 5 som er mellomløysinga. Begge fremma tilleggsforslag som blei stemt ned.
Og Tovan reiste fleire kritiske spørsmål.
– Lokaliseringa av Helsehuset til Lundevang blei avgjort før utgreiinga blei satt i gang. Dette går ikkje an. Det er mykje betre å leggje Helsehuset til austsida av byen, sa Tovan som også spurde om Molde kommune har råd til gjennomføre eit slikt løft.
Gjekk i mot sentralisering
Både Senterpartiet, Frp og Rødt peika i eit felles forslag på alternativ 4 som den beste løysinga.
– Det er heilt uaktuelt for Senterpartiet å gå inn for ei sentralisering av eldreomsorga. Eg trur dette vil vere ei dårleg løysing for dei tilsette, sa Einar Gagnat (Sp).
Einar Gagnat (Sp) i midten er sterkt kritisk til sentraliseringa av eldreomsorga i Molde
Foto: Trond Vestre / NRKHøgre har samla seg om mellomløysinga og meiner alternativ 6 er å gå for langt.
– Kommuneøkonomien gjer at vi må jobbe annleis. Vi har ikkje råd til å halde fram som i dag, sa Ingeborg Forseth (H).
Partikollega Torgeir Dahl sa at det var tvingande nødvendig å gjere eit retningsval.
– Vi må sjå heile kommunen. Og vi må ha ein langsiktig modell som står seg i framtida. Difor må vi samle oss om alternativ 5. Vi har ikkje vore flinke til å ta avgjerd på eit tidlegare tidspunkt. No må vi ta eit retningsval.
Ingeborg Forseth (H) meiner ein er nøydde til å jobbe annleis i framtida.
Foto: Trond Vestre / NRKDemografiske utfordringar
Frank Ove Sæther (Ap) åtvara mot å ikkje ta innover seg utfordringa som demografien skaper.
– Å underslå at vi få ein rekrutteringsutfordring, blir for enkelt, til og med naivt. Å gå for alternativ 6 føreset at vi berre koplar inn hjernen. Koplar vi inn hjartet også så går vi for alternativ 5. Men det blir også krevjande.
Frank Ove Sæther (Ap) som sit i midten, meiner in må ta dei demografiske utfordringane på alvor. Til høgre er den uavhengige representanten Terje Tovan
Foto: Trond Vestre / NRKAlternativ 4 blei stemt ned med fem mot åtte stemmer. Dermed blei det mellomløysinga som fekk fleirtal. Det endelege vedtaket blir gjort i kommunestyret torsdag 30. oktober.