Hopp til innhold

Inviterer til møte med Mørebenken

Bedriftene i Møre og Romsdal ser for seg store utfordringar i året som kjem, og ber politikarane om å følgje nøye med på det som skjer i næringslivet.

Kleven Verft i Ulsteinvik

Illustrasjon: Den maritime bransjen er ein av næringane i Møre og Romsdal som har hatt det vanskeleg i 2015.

Foto: Kleven

Kjell Sandli, administrerande direktør i Næringsforeininga i Ålesundsregionen, understrekar at 2016 blir eit vanskeleg år for mange av bedriftene her i fylket.

Den 18. januar møtast difor 100 representantar for næringslivet og offentlege myndigheiter i Møre og Romsdal, til eit toppmøte med Mørebenken.

Det er viktig for næringslivet å ha ein tett dialog med politikarane frå fylket, meiner Sandli.

– Dei utfordringane som fylket står overfor no er ganske alvorlege. Difor synest vi det er viktig at dei høgaste folkevalde frå fylket er godt orienterte om situasjonen, seier han.

Samferdsel blir viktig

Eit av stikkorda er utviklinga i samferdselstilbodet, som næringslivet i fylket meiner vil ha stor betydning i dei komande åra.

Kjell Sandli

Kjell Sandli, administrerande direktør i Næringsforeininga i Ålesundsregionen, understrekar at 2016 blir eit vanskeleg år for mange av bedriftene her i fylket.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det blir viktig å få infrastrukturen i fylket til å fungere slik at ein får attraktive, gode og robuste arbeidsmarknader i Møre og Romsdal, seier Sandli.

Han meiner at politikarane frå Møre og Romsdal har ein viktig jobb å gjere på dette området.

– Dei folkevalde politikarane frå fylket kan vere med på å sikre at vegprosjekt blir vidareført gjennom statsbudsjettet og store dokument som nasjonal transportplan, seier han.