Dette betyr at selskapet slepp å flagge ut feire av båtane for å spare pengar. Det skriv selskapet i ei pressemelding onsdag.
– Vi er stolte og letta over å ha kome fram til ei avtale med folka våre i dag. Dette viser handlekraft og styrke blant tillitsvalde og tilsette, og er med på å sikre norske arbeidsplassar, noko som er veldig viktig for oss, seier administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein.
– Nødvendig
Avtalen som er inngått i dag skal sikre konkurransekraft og nødvendige kostnadsreduksjonar til å stå gjennom det komande året.
– Vi var no komne i den situasjonen at dersom vi ikkje kom fram til ei løysing som innebar vesentlege kostnadsreduksjonar for flåten, så ville vi måtte flagge ut fleire av båtane. Det er difor svært gledeleg at vi no er samde om dette kollektive tiltaket for dei seglande og kan oppretthalde NOR-flagget, samt halde flest moglege fartøy i drift, seier Ulstein.