Hopp til innhold

– Dette er inga overrasking

Listetopp Else-May Botten i Møre og Romsdal Ap er ikkje overraska over at Stoltenberg no takkar for seg og ønskjer Erna Solberg lykke til.

Else-May Botten (Ap)

Else-May Botten (Ap) meiner det er heilt greitt at dei borgarlege partia får prøve seg.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Botten meiner det er heilt greitt at dei borgarlege partia no får prøve seg.

– Dei har no tida fram til statsbudsjettet blir lagt fram i oktober til å danne ei regjering. Dei bør jobbe knallhardt om dei skal få det til, seier Botn.

Ho er no mest oppteken av om Arbeidarpartiet framleis er landets største parti, og om dei klarer å bli det største i Møre og Romsdal.

Les også:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Møre og Romsdal» i nytt vindu

– Det hadde vore verdsrekord om vi hadde klart å vinne valkampen. Uansett korleis vi leverte gjorde det ikkje utslag på målingane. No gjeld det berre å posisjonere seg vidare, seier ho.

Rundt klokka 23 måndag kveld annonserte Jens Stoltenberg at han vil søkje avskjed etter at regjeringa har lagt fram statsbudsjettet i oktober.

NRK Møre og Romsdal følgjer den spennande oppteljinga i samband med Stortingsvalet 2013. Her får du resultata og kommentarane ut over kvelden og inn i natta.

Sjå valsendinga for Møre og Romsdal