Hopp til innhold

– Det blir kanskje eit glas champagne i kveld

Stortingsplassen til Oskar Grimstad (Frp) såg ut til å henge i ein tynn tråd. No kan han senke skuldrene litt.

Oskar Grimstad (Frp)

Oskar Grimstad (Frp) er litt rolegare etter at dei første valresultata er klare.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Dei første valresultata viser at Frp er inne med to personar frå Møre og Romsdal.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Møre og Romsdal» i nytt vindu

Grimstad står på 2. plass på lista. Dermed ser det no ut til at han kan halde fram i jobben på stortinget dei neste fire åra.

– Hadde du ein plan B?

– Ja, det var å finne meg ein jobb som folk flest. Det ser det ut til at det ikkje blir noko av likevel, seier han til NRK.

Han seier dagen har vore utruleg spennande, men at han no har roa seg litt ned.

– Det ser svært lovande ut med tanke på å få to mandat frå Møre og Romsdal.

Frp er i dag inne med tre frå Møre og Romsdal på Stortinget. Mette Hanekamhaug er på tredjeplass, og det skal svært mykje til for at ho får vere med vidare.

NRK Møre og Romsdal følgjer den spennande oppteljinga i samband med Stortingsvalet 2013. Her får du resultata og kommentarane ut over kvelden og inn i natta.

Sjå valsendinga for Møre og Romsdal