Hopp til innhold

– Dette er oppløftande

Listetopp Pål Farstad i Møre og Romsdal Venstre har trua på fire år på Stortinget etter at dei første kommunane er klare.

Pål Farstad (V) på NRK si valvake.

Pål Farstad (V) på NRK Møre og Romsdal si valvake

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

NRK Møre og Romsdal følgjer den spennande oppteljinga i samband med Stortingsvalet 2013. Her får du resultata og kommentarane ut over kvelden og inn i natta.

Sjå valsendinga for Møre og Romsdal

Akkurat no viser valresultata at Venstre er inne med eit mandat frå Møre og Romsdal. Men berre nokre få kommunar er klare, så Farstad jublar ikkje enno.

– Dei kommunane som er klare no, er tradisjonelt dårlege Venstre-kommunar, så resultatet er oppløftande.

Farstad tek alle moglege atterhald, og opnar inga champagneflaske enno. Han har vore spent på korleis resultata i dei små kommunane vil bli. Og førebels ser det bra ut for Venstre sin del.

– Eg har ei kjensle av at vi kjem til å gjere det bra i folkerike kommunar. Det viktigaste er sluttresultatet. Eg er klar for fire år på stortinget, seier Farstad som opphavleg er sunnmøring, men er busett i Kristiansund.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Møre og Romsdal» i nytt vindu

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL