Hopp til innhold

– Me kunne ikkje dyrke ein tomat eingong

Saman med kjærasten flytta Ida Frisch (29) frå Oslo sentrum til ein forblåst holme med null folk, 50 sauer og fire gjæser. Der lærte ho heilt andre ting enn ho hadde tenkt seg.

Ida ror

BLIKSTILLE: Ida ror, og Martin sitt bak i ein pram som dei har fått. Denne dagen er det blikstille på Hustadvika, noko det sjeldan er i dette vêrharde området.

Foto: PRIVAT

Ei Asker-jente i bikini på veg over svaberg mot ei asurblå lagune, med fire gåsungar i hælane. Det er badetid på Notholmen ved Hustadvika – berre nokre måkevingeslag unna der cruiseskipet Viking Sky heldt på å forlise med nær 1400 folk om bord. Dette er ei av scenene i den ferske NRK-serien «Ida og Martin på Notholmen».

Byparet busette seg i havgapet på eit av dei mest vêrharde kyststrekka i landet. På ein liten holme som mest minner om ei barneteikning av ei øy.

– Me var verkeleg to grønskollingar. Me kunne ikkje dyrke ein tomat ein gong. Og me gjekk heile tida på trynet, fortel Frisch.

Bading Notholmen

NOTHOLMEN: Idyllen på Hustadvika med eigen lagune til bading

Foto: NRK

Tilbake til ei svunnen tid

Ideen blei sådd på ein tur i Australia, der ho og kjærasten Martin Osvold møtte ein familie som levde heilt kopla frå samfunnet, såkalla «off grid».

Gjess

ETTER BAD: Gåsungar kan også brukast til å varme seg.

Foto: NRK

– Me blei blåst av banen over kor mykje dei kunne. Sonen på seks heldt på med øksa. Det var reine familien MacGyver, seier 29-åringen.

Ho tenkte at sjølv om det var kult at ho var kunstutdanna og kunne dokketeater, så hadde ho knapt noko praktisk kunnskap i livet sitt. Og ho tok til å tenke på far sin.

– Han veks opp på Finnøya på femtitalet, medan eg veks opp i Asker på nittitalet. Det var berre 35 år i mellom – men totalt ulikt. Han gjekk på skulen annakvar dag, og dei laga stort sett all maten sin sjølve. Men snart studerte han og gjekk plutseleg på jobb i Helsedepartementet i dressko, seier dottera.

Ida og Martin drog tilbake til ei svunnen tid. Ei tid som var vanleg for berre ein generasjon sidan. På naboøya Skutholmen budde Noregs aller siste fiskebonde. Dei skulle trø opp kystkulturen.

Men det var ikkje lett.

Far Per Gammalsæther

FAR: Faren til Ida, Per Gammelsæther, har røter på Notholmen tilbake på 1800-talet.

Foto: Privat

Eit «enklare» liv

Dei fylte opp ein folkevognbuss og drog frå «hippie»-kollektivet Hausmania, midt i Oslo sentrum.

– Me var så naive da me kom, heilt blåøygde. Men det var også ein styrke. Me turte å prøve oss fram, og feile mykje. Kålåkeren dyrka me vel tre gonger. Ein lærer mykje av å tørre å gå på trynet, meiner Frisch.

Flyttelasset Notholmen

FLYTTELASS: Det er utfordringar med å flytte på ein holme.

Foto: NRK

Her trudde ho at ho skulle lære mykje meir praktisk. Men kvar dag skjønte kjærasteparet kor lite dei kunne frå før.

– Alt var nytt. Berre det å ta omsyn til nordavinden var ei læring. Mest lærte me om naturen, seier Frisch.

For det er kanskje det som er kjernen her. Ikkje det å lære seg å snikre eit uthus eller å dyrke kål, sjølv om det også kan vere kjekt. Men å kome tettare på naturen. Å leve i matfatet, som me jo er så avhengige av. Dyrehald og naturnærver.

– I vår tid er me i ferd med å sjå klimaendringane i praksis. Om me kjem tettare på naturen er det lettare å ikkje leggje seg ned i frykt eller håpløyse, men å ta på seg nye briller.

Derfor spurte dei seg sjølve kva dei kunne gjere for å leve meir berekraftig og korleis tone ned forbruk.

– Men det var vel ikkje eit enklare liv?

– Nei, det var jo meir tungvint. Men enklare fordi heile universet vårt var på den øya.

Ida med lam

LAM: Ida med nye bebuarar på Notholmen.

Foto: Privat

Ønsker seg tilbake

No, to år seinare ønsker ho seg stadig tilbake til holmen i havet.

Men alle venene er på Austlandet. Men Ida bur framleis enkelt og tett på naturen, ein stad nær Vestby. Ho har som mål å lære seg to nye ting kvart år. I 2020 var det strikking og spikking.

Notholmen

HUSET PÅ HOLMEN: Berre små holmar og skjer ligg mellom huset og storhavet.

Foto: NRK

Eit så tett halvår som på Notholmen var ein topp i parforholdet til henne og Martin. Ho vil anbefale alle par å prøve å samarbeide så tett.

– Det var utruleg fint å vere så avhengige av kvarandre praktisk og sosialt. Den gongen me krangla i potetåkeren, sa Martin: Det er kanskje ikkje med kvarandre, men oss sjølve me kranglar med. Og me skjønte at me ikkje kunne krangle på ei øyde øy.

Ete tang

TANG: Ein kan finne mykje ting og tang i fjæra.

Foto: NRK

I serien ser ein stadig Ida gå og ete tang i fjæra. Det gjer ho framleis i dag.

– Eg bur rett ved Oslo-fjorden, og her er ikkje lov å fiske torsk ein gong. Kosthaldet her er sørgjeleg samanlikna med all sjømaten på Notholmen. Men eg har framleis litt tørka tang som eg strør på pasta eller lagar suppe av.

Her kan du sjå heile serien om Ida og Martin på Notholmen.

Kjæresteparet Ida og Martin drar fra Oslo og møter de andre innbyggerne på vesle Notholmen: Rundt 50 villsauer og noen tamgjess.