Hopp til innhold

I mot generell væpning

Politimeisteren i Møre og Romsdal, Ingar Bøen, er i mot at politiet til ei kvar tid skal bere eit lada våpen på hofta. Det kjem fram i politidistrikta sine høyringssvar til utvalet som har greia ut om norsk politi skal bere våpen på permanent basis. Saman med fleirtalet i utvalet vil politimeisteren i Møre og Romsdal behalde ordninga som eksisterer i dag, med at ordinært politi skal vere uvæpna som utgangspunkt, men ha tilgang til eitt -og tohandsvåpen i patruljebil. Berre politimeistrane med ansvar for dei største byane i Noreg er for ei generell væpning av politiet.

Ingar Bøen
Foto: Øyvind Sandnes / NRK