Hopp til innhold

Då ein kvitkval hekta seg i tauet fekk biologen eit håp

Søndag måtte brannvesenet rykkje ut for å hjelpe ein kvitkval. Biolog Sebastian Strand håpa at det ikkje var kjendiskvalen Hvaldimir.

Brannmannskaper fra Nordmøre og Romsdal hjalp søndag en hvithval som hadde viklet seg inn i noe tauverk i Hjelvikbukta i Vestnes i Møre og Romsdal.

Brannmannskap frå Nordmøre og Romsdal hjelpte søndag ein kvitkval som hadde vikla seg inn i noko tauverk i Hjelvikbukta i Vestnes i Møre og Romsdal.

Kvitkvalen vart verdskjend då han dukka opp ved Finnmarkskysten i 2019, ikledd seletøy. Det vart spekulert i om han var ein russisk spionkval.

Sidan oktober i fjor har Hvaldimir først og fremst opphalde seg i Møre og Romsdal, særleg ved oppdrettsanlegga langs kysten.

Og då ein kvitkval dukka opp i Vestnes, var det eit lite håp om at det ikkje var Hvaldimir.

Det hender at det dukkar opp ein annan belugakval, og sjølv om eg tenkte at sjansen var svært låg, er det eit håp som bur i meg. Hvaldimir er ein utruleg sosial kar, så eg har eit ønske om at han får seg ein venn eller ein familie i framtida.

Det seier Sebastian Strand, som er marinbiolog og jobbar ved organisasjonen OneWhale. Han har følgt med på kvitkvalen omtrent kvar dag i eitt år.

Hvaldimir

Hvaldimir ved oppdrettsanlegget på Nordmøre i fjor haust.

Foto: Thomas Stormo

Einsam kval

Ifølgje biologen er kvitkvalen ein nysgjerrig, intelligent kval som er einsam og kjedar seg litt.

Og nettopp på grunn av einsemda, hadde det vore bra om det var ein annan kvitkval enn «Hvaldi».

Sebastian Strand, utdannet marinbiolog og jobber ved organisasjonen OneWhale.

Sebastian Strand er utdanna marinbiolog og jobbar ved organisasjonen OneWhale. Han seier dei på lang sikt jobbar for å få Hvaldimir tilbake til sine eigne.

Foto: Privat

Det er ein dyreart som bruker utruleg mykje tid på sosialisering og kos. Vi veit at dei har veldig sterke band seg imellom. Så det at Hvaldimir hadde hatt godt av ein venn eller kanskje gjerne ein kjærast, er det ingen tvil om.

Men det er lite sannsynleg at det skulle skjedd i Møre og Romsdal. Næraste naturlege populasjon av kvitkval er nemleg på Svalbard.

Sebastian Strand dro ut i båt sammen med brannvesenet i Vestnes for å finne Hvaldimir, for å forsikre seg om at det var han som surret seg inn i tau. Her ser man både Strand og en i brannvesenet i båten, og Hvaldimir rett ved siden av dem i vannet.

Sebastian Strand drog ut saman med brannmannskap for å forsikre seg om at det var Hvaldimir som surra seg inn i tau. Det vart raskt stadfesta.

Foto: Privat

Uvanleg oppgåve for brannvesenet

Brannsjef i Vestnes, Frank Skorgenes, fortel at det var eit spesielt oppdrag dei vart ringt opp om.

– Vi måtte spørje 110-sentralen igjen om det verkeleg var ein kval, og det kunne dei stadfeste.

– Det er jo ikkje kvar dag vi er ute på bistandsoppdrag til ein kval, så derfor køyrde vi med to båtar så vi kunne hjelpe kvarandre. Det samarbeidet fungerte veldig bra, seier Skorgenes.

Han forklarer at dei ikkje tenkte noko særleg over om det var Hvaldimir eller ein annan kvitkval.

– Fokuset vårt var å hjelpe med det tauet. Men vi har fått stadfesta i ettertid at det var Hvaldimir, og det blir jo litt spesielt. Det er ikkje så mange kvitkvalar som held til langs kysten her.

Les også Trodde de reddet «Hvaldimir» – men kjendishvalen er 80 nautiske mil unna

Hvithvalen Hvaldimir under en båt

Kvitkvalen Hvaldimir følger først og fremst etter båtar når han flyttar seg langs kysten, ifølge biolog Sebastian Strand.

Foto: Inge Wegge / OneWhale

– Ferda sørover bekymrar meg

Hvaldimir har i fleire månader opphalde seg først og fremst på Nordmøre, men søndag vikla han seg altså inn i tau i Romsdal lenger sør.

– Eg ser på ferda sørover som ein ting som bekymrar meg litt, seier biologen.

Strand grunngir det også med at jo lenger sør han kjem, jo meir folkerike område er det. Strand peikar også på at Hvaldimir kjem endå lenger unna hans naturlege farvatn.

– For tryggleiken hans håpar eg han snur og reiser nordover igjen.

For ei lita tid tilbake svømte Hvaldimir til Frøya-området i Trøndelag. Ifølgje Strand følgde kvitkvalen etter ein båt.

– Det er som oftast sånn han flyttar seg. Han følgjer etter ein båt, så ser ein kvar ferda ber. Men dei gongene han har hatt eit lite byks nordover, har han returnert til det sørlegaste punktet igjen ganske raskt.

Les også Full uenighet om Hvaldimir bør få sin egen fjord

Regina Crosby Haug, Hvaldimir og Audun Rikardsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL