Hopp til innhold

– Cupen heng veldig høgt for meg

Magne Hoseth har to seriegull, men manglar framleis cupgullet. Dersom han skal få draumen oppfylt, må HamKam overvinnast i tredje cuprunde. – Molde skal få slite, seier ålesundar og HamKam-spelar Oddbjørn Lie.

hoseth

BEGGE VIL HA CUPGULL: Magne Hoseth og Ole Gunnar Solskjær er begge på leit etter NM-gull. Då må dei slå HamKam i 3. runde.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Tore Andreas Gundersen, Oddbjørn Lie, Ebrima Sohna

BLIR TØFT: HamKam og Oddbjørn Lie (i midten) veit at Molde i Molde blir tøft. Lie er framleis ute etter ein operasjon.

Foto: Bjarne Skarpmo / NRK

– Dette er kanskje den tøffaste kampen vi kunne fått. Molde er vel Noregs beste lag, men det blir ei kjekk utfordring for oss.

Det seier HamKam-spelar Oddbjørn Lie. Han er frå Ålesund, og har spelt fleire år i AaFK og Hødd – to av Molde sin naboar i Møre og Romsdal.

– Ja, det er litt ekstra å møte Molde, slår Lie fast.

No skal hans nye klubb frå Hamar prøve og slå ut regjerande seriemeister i NM 2012.

Berre sju kampar

I Molde blir Magne Hoseth å finne. Den tekniske midtbaneveteranen har to seriegull i CV-en (eitt med Vålerenga, eitt med Molde), men manglar stadig ein cuptriumf.

– Cupen er den enklaste måten å vinne noko på i Noreg. Det er berre sju kampar, seier Hoseth.

Før han slår fast:

– Likevel heng cupen veldig høgt. Eg har vunne serien to gonger, og no vil eg gjerne ta med meg eit cupgull. Så cupen heng veldig høgt for min del.

Han meiner det ikkje skal vere tvil om kven som skal til fjerde runde.

– HamKam er eit hardtarbeidande lag, som mest sannsynleg vil legge seg bakpå. Dei er gode på kontringar, så vi må vere konsentrerte i 90 minutt. Men dette er eit lag vi bør og skal slå. Spesielt med tanke på at vi leiar Tippeligaen og dei er i 1. divisjon, meiner Hoseth.

Magne Hoseth

OPPKØYRING: Magne Hoseth seier cupkampen er starten på oppkøyringa mot Europacup for Molde.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

– Kan ikkje miste ballen

HamKam-spelar Oddbjørn Lie er klar på at balltap i angrep må vere forbode om cupbomba skal smelle i Molde.

– Vi må vere veldig nøye, og ikkje miste ballen for mykje. Molde er eitt av dei beste kontringslaga i Noreg, så vi må få avslutta våre angrep. Når vi ikkje har ballen må vi vere tette og kompakte bakover, meiner Lie.

Han trur at eit HamKam på topp kan vere nok.

– Om vi er på topp og Molde senkar seg berre litt, så blir det i alle fall ein jamn kamp.

– Eg har god tru på at vi kan gå vidare, seier han.

Den tidlegare AaFK- og Hødd-spelaren har også stor tru på sine to gamle klubbar. Dermed spår han ein gledas dag for Sunnmøre og ein sorgas dag for Romsdal.

– Eg har ingenting imot at Sunnmøre smiler og Romsdal grin, flirer Lie.

Starten på oppkøyringa

Magne Hoseth er derimot klar på at ingen andre enn Molde skal gå sigrande av Aker Stadion.

– Verken HamKam eller motstand frå Europa skal eigentleg vinne på Aker Stadion.

Og nettopp Europa er stikkordet til Hoseth, for utanom eit mål om cupgull, vil Molde-veteranen gjere det skarpt ute i verda.

– For vår del er dette også starte på oppkøyringa inn mot Europacupen. Så denne kampen er ekstremt viktig.

– Vi har hatt ferie, men berre i veldig hermeteikn. Alle har trent hardt gjennom EM-pausen, og det er mange som vil vise seg fram no. Vi kjem til å yte 100 %, seier Hoseth.

Som trur kampbildet blir enten eitt mål og konstant stanging, eller:

– Om vi scorar tidleg, så kan det bli veldig mange mål, avsluttar midtbanespelaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL