NRK Meny
Normal

Både Hødd og Sarpsborg 08 traktar etter cuptriumf – sjølv om seriemåla kanskje er viktigare

– Cuptriumf og seriesiger: Ja takk, begge deler, seier Sarpsborg-trenar Johansen.

– Cupen er gulrota. Den vil vi utnytte, seier Hødd-veteran Erik Sandal.

Erik Sandal

CUPEN ER GULROTA: Hødd sin midtbaneveteran Erik Sandal seier at han sjølv og Hødd tek cupen som ein bonus. Han trur det blir tøft og jamt mot cupmotstandar Sarpsborg 08.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Roar Johansen

FRYKTA BORTEBANE: Sarpsborg 08-trenar Roar Johansen fryktar Høddvoll. – Det blir ein tøff kamp, seier Johansen.

Foto: Alley, Ned / SCANPIX

Hødd rykka opp frå 2. divisjon i 2010, og imponerte i 1. divisjon 2011. Sarpsborg 08 rykka ned frå eliteserien i 2011.

No finn ein laga i to forskjellige endar av 1. divisjon 2012: Sarpsborg i opprykkskamp, Hødd i nedrykksstrid. I dag møtest laga til cupkamp i 3. runde av NM.

Kampen går på velkjende Høddvoll.

Dette blir ein tøff batalje, garantert. Høddvoll er ei frykta bortebane, og Hødd er eit godt lag.

– Siger 5–0 over HamKam viser at Hødd er eit lag som i alle fall var i god form før ferien, seier Sarpsborg 08-trenar Roar Johansen.

Heimelag med god sjølvtillit

Hødd sleit stort gjennom dei ni første kampane i årets Adeccoliga. I den tiande kampen – som òg var siste kamp før EM-pausen – blei det derimot storsiger 5–0 mot HamKam.

– Sigeren har gjort at entusiasmen og gleda i laget er enda meir tilbake etter trøkkane vi fekk. Vi er veldig optimistiske og har trua på siger og avansement.

Det seier Hødd-spelar Erik Sandal. Han blei i 2011 kåra til «Årets Spelar» ulike stadar, etter ein god sesong i den blå Hødd-drakta.

(Saka held fram under bildet)

Erik Sandal og Hødd gjekk greitt vidare i cupen på bekostning av Tornado Måløy.

VANN I HEIMTRAKTENE: Hødd og Erik Sandal slo Tornado/Måløy 3-0 i 1. runde. Arna-Bjørnar blei slått 1-0 i 2. runde. Erik Sandal er frå Skavøypoll – som er ein del av Måløy by.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Johansen: – Eg har følgt godt med

Hødd og Sarpsborg 08 har ikkje møttest sidan 2008. Roar Johansen seier at han uansett har god kontroll på onsdagkveldens motstand.

– Eg har følgt godt med på laget. Eg veit at Hødd er eit ballsikkert lag med ein særs god Erik Sandal på midten. Dei har offensive backar og bra fart i laget, oppsummerer Johansen.

– Men vi reiser til Sunnmøre for å gjere alt vi kan for å kome til 4. runde i cupen.

– De er vel kanskje favoritt i kampen?

– Njaaa ... I cup som dette veit eg ikkje. Det blir ein tøff kamp, men om nokon vel å sjå på oss som favoritt, så skal vi prøve og ikkje gjere tipset til skamme, repliserer S08-trenaren.

(Saka held fram under bildet)

Video Sarpsborg-Moss 3-1

BANKA MOSS: Sarpsborg 08 har teke seg til 3. runde etter 3-1-siger over Holmlia i 1. runde og storsiger 6–1 mot Moss i 2. runde.

Foto: Nyhetsspiller

Lenge sidan Hødd har avansert til 4. runde

Tabellplasseringa seier bortelaget frå Østfold som favoritt, men cup er cup. Midtbaneeleganten i Hødd seier cupen blir ei gulrot no. Hovudfokuset for klubben er fornya 1. divisjonskontrakt.

– Det er veldig lenge sidan Hødd har avansert til fjerde runde i cupen. Det er vel snakk om 11 år. Cupen blir ei gulrot for oss i år, og vi vil utnytte sjansen, seier Sandal.

Sarpsborg 08 kjempar om opprykk, og dei to laga skal møtest i serien om éin månad.

– Kva er viktigast mot Hødd; siger i cupen eller siger i serien?

– Kva er det Ole Brumm seier? Ja takk, begge deler, humrar Johansen.

– Men om eg måtte velje så er det klart, at i ein cupkamp er det aldri mogleg å hente inn det tapte. Går ein på ein smell i serien, så er det mogleg å hente inn pengar. Derfor kunne det vore greitt å ta med seg cupavansementet.

Kampen går klokka 18.00 på Høddvoll i Ulsteinvik, og Erik Sandal trur det vil bli ein underhaldande kamp.

– Sarpsborg er eit veldig spelande lag, men det er vi òg. Dette kan bli ein veldig artig kamp. Har vi ein god dag, så trur eg vi vil trekkje det lengste strået, avsluttar Sandal.