Det var sommar og vakkert i veret. Dei to unge mennene var på holmetur i Ellingsøyfjorden i Ålesund. Båten gjekk opp i fyr, og mennene er av Frostating lagmannsrett dømde for forsikringssvindel.
Kameratar
Den yngste av dei kjøpte båten i mai 2003. Berre nokre dagar seinare selde han båten til ein to år eldre kamerat. Kameraten hadde eigd båten i knapt halvannan månad då dei la ut på turen, som enda i det lagmannsretten har funne ut var forsikringssvindel.
Måtte forlate båten
Dei to har forklart at dei brått fekk motorstans. Då dette skjedde sat dei oppe på flybridgen på den 40 fot store fritidsbåten frå 1963. Den eine forklarte at han gjekk ned mot motorrommet, og der blei han møtt av flammar og kraftig røyk. Etter ei stund måtte begge forlate den brennande båten.
White spirit
Eit vitne forklarte imidlertid i retten at han hadde sett røyk velte ut av båten medan dei to sat på flybridgen. Politiet fann også white-spirit-liknande stoff i eit teppe og andre stader i båten. Politiet har også lagt vekt på at eit spann maling ser ut å vere plassert slik at ei dør skulle haldast open.
Forsikring
Politiet meiner brannen må ha starta i salongen, og at det var meininga at brannen skulle spreie seg til resten av båten. Lagmannsretten konkluderer med at målet med brannen må ha vore å framkalle eit forsikringstilfelle, der dei to ombord skulle få ein større eller mindre del av forsikringssummen.
Fengsel
Den nesten 40 år gamle båten hadde ein verdi på omlag 150 000 kroner, medan forsikringssummen var 300 000 kroner. Ein av mennene må betale 16 000 kroner i sakskostnader, og må sone 110 dagar i fengsel. Båteigaren må sone 60 dagar og må betale vel 31 000 kroner i erstatning og sakskostnader.