Hopp til innhold

Valdtektsdom blir ståande: – No kan eg gå vidare i livet

Kvinna blei valdtatt to gongar av same mann og frykta at ho måtte gjennom endå ei rettssak. Fersk avgjerd frå Høgsterett gjer at tusenvis av dommar blir ståande.

Kvinna i 20-åra anonymisert.

Kvinna i 20-åra er letta over avgjerda og ønskjer å sjå framover. Ho frykta at ho måtte i retten endå ein gong. No slepp ho det.

Foto: Privat

Valdtekta som skjedde etter ein fest på Sunnmøre i 2019 har ført til debatt i rettsvesenet i haust. For valdtektsmannen meinte han hadde funne eit smotthol i lova og bestemte seg for å anka heilt til Høgsterett for å få dommen annullert. Men han får ikkje medhald.

– Det er ei stor lette. Eg kan endeleg legge det heilt bak meg og gå vidare, seier kvinna i 20-åra.

I retten fortalde kvinna korleis ho vakna av at mannen valdtok henne. Telefonlogg og lydopptak viste at ho gjentekne gongar sa nei, og forsøkte å kome seg frå soverommet.

Meinte dommaren var ulovleg

Den unge overgriparen blei dømd til fengsel i 3 år og 9 månader både i tingretten og lagmannsretten, trass i at han hevda det som skjedde var frivillig.

Då han oppdaga at ein av meddommarane sat i formannskapet, bestemte han seg for å anke heilt til Høgsterett på grunn av saksbehandlingsfeil. Mannen viste til lovverket og domstol.no som seier at byrådar og medlemmar av formannskapet ikkje kan vere meddommarar.

Dersom Høgsterett var samd med mannen, kunne det føre til at tusenvis av dommar måtte takast opp igjen. Men no slår Høgsterett fast at politikarar kan vere meddommarar.

– Det er mange som hadde ei forventning om at dette kunne resultere i at sakene deira blei tatt opp igjen, dei er sjølvsagt skuffa, seier mannen sin forsvarar, Øystein O. Storrvik.

Øystein Storrvik

Øystein Storrvik var forsvarar for valdtektsmannen i Høgsterett. Han seier avgjerda er skuffande for dei som håpte på ein ny gjennomgang av sakene sine.

Foto: Olav Rønneberg / NRK

Glad for avgjerda frå Høgsterett

Statsadvokat Inger Myklebust er glad for utfallet, ikkje minst på vegne av kvinna i 20-åra. Ho seier saka også har skapt stor usikkerheit hos mange andre fornærma i saker der formannskapspolitikarar har vore meddommarar. Myklebust er glad for at Høgsterett no har konkludert, slik at desse kan slå seg til ro med utfallet av dommen.

– Resultatet var som venta, men ein veit jo aldri før Høgsterett har behandla ei sak. Vi meiner dette er rett, seier ho.

Aktor Inger Myklebust

Statsadvokat Inger Myklebust var aktor i saka. Ho seier resultatet var som venta, og at saka har skapt stor usikkerheit også for andre fornærma.

Foto: Frode Berg / NRK

– Kan gå vidare i livet

Aller mest fornøgd er nok kvinna i 20-åra som frykta at ho måtte møte i retten for tredje gong for å få domfelt mannen som valdtok henne for over 2 1/2 år sidan. No ser ho framover.

– Det har vore ei berg-og-dal-bane med oppturar og nedturar. Eg gløymer det aldri heilt, det vil alltid vere eit lite arr der, men eg kan gå vidare i livet, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL