Hopp til innhold

Valdteken kvinne fryktar ny rettssak på grunn av meddommaren

Ho blei valdteken og gjerningsmannen blei dømt til fengsel. No kan dommen bli oppheva fordi ein meddommar kan vere ulovleg vald. Det kan få konsekvensar for tusenvis av andre saker.

Kvinna i 20-åra anonymisert.

Kvinna i 20-åra blei valdteken etter ein fest. No fryktar ho at ho må gjennom ei ny runde i retten.

Foto: Privat

Kvinna i 20-åra skulle bli henta av ein kompis etter festen, men kompisen sovna frå avtalen. Då utestaden stengde drog ho i staden på nachspiel. Det skulle endre livet hennar totalt. Sterkt påverka av alkohol blei ho valdteken av ein ho kjenner.

I to rettsinstansar blei mannen dømt til fengsel i tre år og ni månader for sovevaldtekten i 2019. No er kvinna si største frykt at dommen skal bli oppheva.

– Eg føler at dei ikkje bryr seg om offeret her. Det kjennest ut som eit mareritt som ikkje går over, seier småbarnsmora.

Politikar var meddommar

For no har mannen anka saka inn for Høgsterett. Han meiner det var ein saksbehandlingsfeil at den eine meddommaren i lagmannsretten sit i formannskapet.

Ifylgje domstol.no kan ikkje byrådar og medlemmar av formannskapet i kommunane vere meddommarar.

– Vi ventar no på resultatet frå Høgsterett, seier mannen sin forsvarar, Øystein O. Storrvik.

Dersom Høgsterett er samd i at politikaren ikkje kunne vere meddommar, blir dommen oppheva. Det kan få konsekvensar for tusenvis av andre straffesaker.

Dømt mann oppdaga feil

Petter Mandt

Petter Mandt var forsvarar for ein mann i ei straffesak, som oppdaga at meddommaren sat i formannskapet.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

Det var ein mann som er dømd i ei anna straffesak som sette i gong det heile. Han oppdaga at den eine meddommaren sat i formannskapet og starta systematisk å gå gjennom alle meddommarane i rettskrinsane til Frostating og Hålogaland, skriv Rett 24.

– Undersøkingane hans viser at det har eit stort omfang, seier advokat, Petter Mandt. Han trur det potensielt kan dreie seg om tusenvis av straffesaker.

Mandt seier det er uavklart kva som vil skje med alle desse sakene dersom Høgsterett konkluderer med at det er feil at formannskapsmedlemmar sit som meddommarar. Det er ikkje sjølvsagt at dei gamle sakene skal takast opp igjen.

– Ingen feil

Aktor Inger Myklebust

Statsadvokat Inger Myklebust meiner at formannskapsmedlemmar kan vere meddommarar.

Foto: Frode Berg / NRK

Alle domstolane har no fått beskjed om at meddommarar som sit i formannskapet ikkje skal delta i nye rettssaker, før Høgsterett kjem med ei avklaring.

Statsadvokat Inger Myklebust i Møre og Romsdal meiner at det ikkje står i lova at formannskapsmedlemmar ikkje kan vere meddommarar.

– Etter vårt syn kan både formannskapsmedlemmar og kommunestyremedlemmar vere meddommarar. Vi meiner at det dermed ikkje har skjedd nokon feil i denne aktuelle saka, seier Myklebust.

Vil legge valdtekta bak seg

Den unge kvinna kan ikkje forstå kvifor det skal ha betydning for hennar sak at den eine meddommaren også sit i formannskapet. Sjølv om denne meddommaren skulle hatt ei anna meining enn dei andre, hadde det likevel blitt fleirtal for at mannen skal dømmast for valdtekt.

Hennar høgste ynskje er at saka blir avvist og at ho kan gå vidare i livet.

– Eg følte at eg endeleg kunne legge dette bak meg. Eg trudde marerittet var over, fortel kvinna.