Anooshe-saka i lagmannsretten.
Mannen, som er busett i Kristiansand, anka over straffeutmålinga på 18 år i fengsel.
I dag er det nesten på dagen to år sidan 34 åringen skaut kona si, Anooshe Gholam, med fem skot før ei barnefordelingssak i Nordmøre tingrett.
Grovkalibra revolver
Om morgonen 26.april 2002 møtte den då 32 år gamle mannen den 25 år gamle fråseparerte kona si utanfor tinghuset i Kristiansund. Med grovkalibra revoler skaut han seks skot mot henne, fem av dei trefte henne i ryggen slik at ho døydde kort tid etter. Våpenet skal han ha fått tak i på Sørlandet der han budde.
Både i tingretten og lagmannsretten blei mannen dømt til 18 år i fengsel.
Vald og mishandling
Den no 34 år gamle mannen kom til Noreg i mai 1999, saman med den ti år yngre kona si og to barn. Dei blei busette i Kristiansand, men sommaren 2000 forlet Anooshe Golam mannen. Ho grunnga dette med at ho var utsett for vald og mishandling.
Mannen blei ilagt besøksforbod, men blei i Agder lagmannsrett dømt for å ha brote dette. Han vart også dømt for drapstruslar mot ektefellen. Kvinna og dei to borna flytta difor til Eide på Nordmøre.
Svært grovt
Då ekteparet møttest i juli 2001 for å avgjere samværet mellom far og barn, hadde 34-åringen med seg våpenet. Dette tok han igjen med då barnefordelingssaka skulle avgjerast i april for to år sidan.
Lagmannsretten slo fast at drapet var svært grovt, og at barna på denne måten i realiteten blei fråtekne begge foreldra. No har Høgsterett stadfesta domen, og mannen må sone 18 år i fengsel.