Dom i Høgsterett fall nesten på dagen to år seinare.
Groseth har samanlikna drapssaka i Kristiansund med Fadime-saka i Sverige, og slår fast at det blir brukt for mykje tid på alvorlege straffesaker her i landet.
Fadime Sahindal
Fellestrekk
Dei to drapssakene har mykje til felles.
Men i Fadime-saka tok det fem månader frå drapet skjedde til saka var avslutta i rettsapparatet, medan Anooshe-saka ikkje var endeleg avgjort før to år etter at ho blei skoten av eksmannen sin i Kristiansund.
Groseth meiner årsaka er ei byråkratisk oppbygd norsk påtalemakt; Anooshe-saka var innom politijuristen, statsadvokaten, ein statsadvokat hos Riksadvokaten og til slutt Riksadvokaten, som tok ut tiltale.
I Sverige er det ein statsadvokat som har hand om både etterforskinga og tiltalen og som også fører saka i retten.
Frå Anooshe-saka i Lagmannsretten
Mange ledd
- Dette viser at ein i Noreg må gjennom for mange ledd, seier Groseth, og meiner byråkratiet fører til ei "overetterforsking".
Groseth meiner det er bra med ei kvalitetssikring, men seier dette er ein jobb for retten, og ikkje dei mange ledda hos påtalemakta.
Han held foredrag om emnet på eit møte i Ålesund i dag, for medlemmar i advokatforeininga, dommarar, politijuristar og statsadvokaten.