23 år gamle Eivind Smedholen døydde av blodpropp i 1999, og foreldra hevdar at sonen vart feilbehandla, og har saksøkt Helse Sunnmøre og Ålesund kommune.
Foreldra har krevd til saman 200.000 kroner i erstatning, men har tapt saka både i Tingretten og Lagmannsretten.
I lagmannsretten ga mindretalet dei etterlatte medhold i kravet mot Helse Sunnmøre
Mindretallet meinte Smedholen burde ha vore innlagt etter ei undersøking ved sjukehuset i Ålesund, og at blodproppa dermed ville ha vore oppdaga.
Marit Hovland Smedholen, som er mor til Eivind, seier familen ikkje har gitt opp kampen og satsar på ei gjenopptaking av saka.