Eivind Smedholen frå Ålesund døydde i desember 1999 av blodpropp, 23 år gamal. Då hadde han i eitt år gått inn og ut av sjukehus, legevakt og fastlege utan at nokon fann ut kva som eigentleg feilte han.
– Burde vore undersøkt tidlegare
Advokat Edmund Asbøll
I retten hevda advokaten til familien, Edmund Asbøll, at helsevesenet må ta ansvar for at 23-åringen døydde. Familien sin påstand er at legane minst to månader før dødsfallet burde undersøkt Smedholen for bodpropp i lungene. Asbøll meiner at dei sakkunnige no i større grad støttar deira sak i forhold til Tingretten, der familien tapte saka i for eitt år sidan.
Truverd
Uansett kva dei sakkunnige seier er det truverdet til familien retten må vurdere. For dersom retten også legg vekt på familien sine forklaringar om kva som skjedde under legebesøka, så er det liten tvil om at diagnosen burde vore stilt tidlegare. Tingretten valde å berre vurdere dei skrivne legejournalane som låg føre.
– Kan ikkje lastast
Heller ikkje Ålesund kommune sin advokat meiner at det er kome fram nye opplysingar i saka som kan endre utfallet. Fagsjef i Helse Sunnmøre, Per Roland, meiner at sjukehuset i Ålesund heller ikkje kan lastast.
Familien Smedholen krev tre millionar kroner i erstatning, halvannan million kroner kvar av Helse Sunnmøre og Ålesund kommune.