Hopp til innhold

Jan Bjørge taper over 100.000 kroner til hjorten

Mange bønder slit med at hjorten et opp avlingane som skulle ha gått til dyrefôr. Jan Bjørge Aarset fekk ikkje nok gras til ein einaste rundball då han skulle hauste i fjor.

Jan Bjørge Aarset, bonde

NULL RUNDBALLAR: Jan Bjørge Aarset blir motlaus når hjorten et opp graset hans.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Det har vore ein eksplosiv auke i hjort dei siste åra, særleg på Vestlandet. I førre jaktår blei det felt rekordmange 50.000 hjort i Noreg ifølgje Rovviltregisteret, nesten 4000 fleire dyr enn året før.

For bøndene som driv gard på dei mest utsette stadane byr dette på store utfordringar, noko Jan Bjørge Aarset i Aure fekk merke.

Normalt skulle han hatt nok gras til 12 rundballar, men denne gongen blei det ikkje nok til ein einaste ball på heile skiftet.

– Ein blir jo fortvila, for du legg ned mykje innsats til ingen nytte. Det går utover økonomien og motivasjonen, seier Aarset.

I staden må han dra ut og kjøpe dyrefôr, framfor å ta det han har dyrka sjølv.

Hjort i Møstavågen på Frei i Kristiansund

Det kryr av hjort på mange gardar. Her i Møstavågen på Frei har dei ofte fått besøk av store flokkar ved skumring.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Over 1000 av hjortane blei felt i Aure kommune. Kystkommunen på Nordmøre er heilt i Noregstoppen når ein tar arealet i betraktning.

– Vi ser hjort kvar dag, spesielt på denne tida av våren når det begynner å spire og gro. Då er han mykje nede på innmarkssida, seier Aarset.

Dokumenterer skadar med bur

I 2021 blei det sett i gang eit nasjonalt forskingsprosjekt som skal sjå på kva innverknad den dyrka marka har for auken i hjortebestanden. Det blir også undersøkt kva skadar dyra gjer.

Demonstrerer beitebur

Innanfor inngjerdinga kan ein sjå korleis graset eigentleg skulle ha vore. I år kan bonden kanskje håpe på halv avling, seier Landbruksrådgjevar Gunn Randi Fossland.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Prosjektet tar utgangspunkt i Møre og Romsdal der det er plassert ut over 40 såkalla «beitebur». Dei syner fram forskjellane ved at dei held hjorten utanfor. Dermed ser ein korleis graset hadde blitt viss hjorten ikkje hadde vore der.

– Dei verdifulle grasartane som ein skal ha, klarar ikkje å etablere seg ein gong, fordi hjorten øydelegg, seier rådgjevar Gunn Randi Fossland i Landbruk Nordvest.

Sjekkar beitebur for hjorteskadar

Sjekk av eit beitebur på ein annan gard i nærleiken av Aarset. Her er det veldig lett å sjå forskjell. Bilda var tatt tidlegare i mai.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dei har ansvar for å dokumentere skadane. Rundt buret kan ein finne spor, lort og hårrestar, så det er liten tvil om kven som har vore på ferde.

Fossland reknar med at Aarset taper godt over 100.000 kroner til hjorten, truleg nærare 200.000.

GPS-merker hjort

Forskingsprosjektet AgriDeer er eit samarbeid mellom UiO, NBIO, NINA og Landbruk Nordvest, og skal halde på i fire år.

Atle Mysterud

Professor Atle Mysterud leiar eit forskingsprosjekt som skal sjå på korleis hjort og innmark påverkar kvarandre.

Foto: Ivar Grydeland

– Vi håpar å kartlegge kor omfattande skadane er i ein større skala, og sjå kor representative dei er, seier professor i biovitskap ved Univ, Atle Mysterud.

Dei vil også finne ut kor avhengig den norske hjortebestanden er av å beite på innmark. 700 hjort er merkte med gps-sendarar, slik at forskarane kan sjå kor mykje dei brukar innmarka.

– Da kan vi estimere kor mykje av fôrinntaket deira som kjem derifrå.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL