Hopp til innhold

Anne fekk 50 hjortar på besøk

Talet på hjort har eksplodert. I Bremanger vert «pensjonistar, hundeeigarar og born» oppfordra til å jage vekk hjorten «slik at han lærer».

TALDE 50 HJORTAR: Anne Margrete Alværn hadde ein stor hjorteflokk på bøen ved garden i Lavik denne aprilkvelden.

– Det er jo ikkje alle som trur meg, seier Anne Margrete Alværn.

Ho har delt ein video for å dokumentere kor mange hjortar som faktisk spring over bøen hennar.

Denne aprilkvelden talde ho i alt 50 dyr ved garden i Lavik i Høyanger. Det er på godt og vondt.

– Hjorten gjer ganske mykje skade på avlingane, seier ho.

Ein biltur unna har Bremanger kommune laga plakatar med oppfordring om å jage hjorten ut av bustadområda: «Ut på tur for å jage hjort!»

Bremanger kommune har lagt ut denne plakaten. Kommunen vil ikkje skyte hjortane, men heller oppfordre folk til å jage dei.

FÅ HAN VEKK: Bremanger kommune har laga plakatar med oppfordring om å jage hjorten ut av bustadområda.

Foto: Bremanger kommune

Forslag til kven som kan jage dyra er «pensjonistar, mosjonistar, turgåarar, hundeeigarar og born».

– Om alle gjer ein jobb, så vil hjorten lære og venteleg forsvinne, seier Bjørn Henry Marthinussen, som er fagkonsulent for skog og utmark i kommunen.

Plakaten kjem etter at naboar byrja å melde om uredde dyr som oppfører seg truande. Ragnhild Røys har ein flott hage i Kalvåg. Den har hjorten forsynt seg av.

Ragnhild Røys har ein flott hage i Kalvåg i Bremanger

FÅR BESØK: Ragnhild Røys har ein flott hage i Kalvåg i Bremanger, der hjorten gjerne kjem på besøk.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Her var ikkje mindre enn to hjortar og trakka her om kvelden. Eg har kjøpt nokre rosetre som står i bløming, men eg kvir på på å plante dei ut for hjorten bryt dei ned, fortel Røys.

Hjorten er eit stort problem, fortel svigerdottera Sylvi Anita Røys.

– Hjorten spaserer rett opp i blomsterkassene og et opp alle løkplantar, fortel ho.

HJORT ER GJORT: Bremanger kommune ber «pensjonistar, mosjonistar, turgåarar, hundeeigarar og born» om å jage hjorten «slik at han lærer».

Sidan 1990-talet har det vore ein formidabel auke av hjort i Noreg.

I jaktåret 2019/20 vart det i alt skoten 46.350 hjort. Ny fellingsrekord, ifylgje SSB.

Og auken er størst på Vestlandet.

Dei store kulla er ikkje utan kostnadar, fortel Atle Mysterud, som er professor i biovitskap ved Universitetet i Oslo.

– Resultatet av eksplosjonsveksten er blant anna tynne dyr og store verditap for bønder, seier han.

Tal frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) viser at norske kommunar ikkje greier å felle nok hjort og elg.

LES OGSÅ: Aldri har det vore skote meir hjortevilt i Noreg, men lite av kjøtet dukkar opp i butikkane.

Skal forske på kva innmarka betyr

Saman med forskarkollegaer undersøker Mysterud kva innmarka har å seie for den eksplosive veksten.

Ein hypotese er at bestanden på Vestlandet held seg kunstig stor fordi hjorten beitar på dyrka jord, som åker, eng, kulturbeite, hagar og yngre plantefelt.

Samtidig som bestanden på Vestlandet aukar kraftig, ser forskarane ser stor forskjell på vekta på dyra i vest og på Austlandet. Stor tettleik i bestanden på Vestlandet aukar konkurransen om matfatet.

– Vektnedgangen er mindre i område med tilgang på innmark, seier Mysterud.

– Blir felt for få dyr

Johan Trygve Solheim er leiar ved Norsk hjortesenter, som driv med forsking og oppdrett.

– Han som dyrkar det beste graset, får mest besøk av hjort, seier han.

Når bestandane blir store og konkurransen om matfatet stor, freistar alternative beite som hagar og dyrkingsfelt.

Solheim meiner det er fleire grunnar til auken i hjortestammen, men seier for lite felling og dårleg kjønnsbalanse i fellinga er ei viktig årsak.

– I 50 år har det vore skote ei overvekt av hanndyr. Det ser vi resultatet av no. Vi må få betre balanse i uttaket, og ta ut fleire kalvar, ungdyr og produksjonsdyr, seier Solheim.

Johan Trygve Solheim

DÅRLEG BALANSE: Johan Trygve Solheim ved Norsk hjortesenter meiner det har vorte felt for lite hjort og for mange hanndyr sett opp imot hodyr.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Oversumt av hjort

På 1970-talet byrja norske jegerar å jakte målretta på dei såkalla ikkje-produktive dyra, kalv, ungdyr og bukkar, mens kollene i stor grad blei spart.

– Den største og viktigaste årsaka til at den norske innmarka no er oversumt av hjort, er forvaltningsregimet, seier Mysterud.

Johan Trygve Solheim seier det same:

– Det har vorte felt for lite hjort og for mange hanndyr sett opp imot hodyr.