Hopp til innhold
Musefella som Linda Strand har laga.
Foto: Privat

Hjemmelaget musefelle i retten

  • Kvinne fra Nordmøre frikjent i musefellesak

    Linda Strand fra Surnadal er frikjent i Høyesterett for bruk av hjemmelaget drukningsfelle. Det melder TV 2.

    Strand laget en musefelle der mus druknet. Politiet ga henne først 6000 kroner i bot da de gjennom et Facebook-innlegg ble klar over den hjemmelagde musefella. Tingretten konkluderte med det samme.

    Saken har hatt flere runder i retten og til slutt ble det bestemt at Høyesterett skulle avgjøre om kravet til en human avlivningsmetode også skulle gjelde for skadedyr som mus.

    Musefella som Linda Strand har laga.

    Frikjend i Høgsterett etter å ha drukna hundrevis av mus

    Ved hjelp av Bamsemums og frostvæske tok ho kverken på musa heime på garden. No er ho frikjend i Høgsterett.

  • Seier mus og menneske er ulike

    Forsvarar John Christian Elden meiner påtalemakta snublar i lovverket og at avlivinga er forsvarleg. Det sa han i Høgsterett torsdag.
    Statsadvokat Magne Nyborg sa i si prosedyre torsdag at mus har det samme følelselivet som andre pattedyr, som menneske.
    Elden seier at ein ikkje kan sjå på mus og rotter på samme måte som menneske, og at det ikkje er samme plikter til dyrevelferdsmessig avliving.

  • – Burde vurdert andre metodar først

    Statsadvokat Magne Nyborg meiner at Linda Strand burde ha tatt i bruk musefeller som avliva musene ved hjelp av CO² eller elektrisitet.
    Han meiner ho burde vurdert dette før ho konstruerte si eiga felle der musene drukna.
    Det kom fram i si prosedyre i Høgsterett torsdag.
    Nyborg meiner at anken må forkastast, og at ho dermed må straffast.

  • Fleire hundre følgjer saka

    Mellom 400 og 500 tilhøyrarar følgjer med elektronisk på Høgsterett si behandling av musesaka.
    Det seier informasjonssjef Ida Dahl Nilssen.

    Ho seier enkelte slit med å få nettilgang til behandlinga, men dei jobbar med å utbetre feilen.

    Her er ei direktelenke som skal fungere.

    Interessa for saka har vore så stor at Høgsterett bestemte seg for å strøyme saka. Det har berre vore gjort nokre få gonger før.

  • Meiner lova vernar alle dyr

    Statsadvokat Magne Nyborg sa i Høgsterett torsdag at dyrvernlova vernar alle dyr, også mus og rotter.

    Nyborg meiner drukning av dyr berre kan gjerast når det ikkje er mogleg å bruke andre og meir humane avlivingsmetodar.