Linda Strand frå Surnadal er no dømt i saka, der ho hadde laga ei musefelle konstruert av ei bøtte med vatn og frostvæske. Musene vart lokka til bøtta av ein bamsemums, og døyde som følgje av drukning i bøtta.
Linda Strand var plaga av mus i huset og tok affære med denne sjølvkonstruerte musefella.
Foto: PrivatStrand måtte førre veke møte i retten, etter at dyrevelferdsorganisasjonen Noah melde ho til politiet. Møre og Romsdal tingrett har i dag dømt Strand for brot på dyrevernslova. Strand må betale ei bot på 6000 kroner, men vart ikkje dømt til å betale sakskostnader.
Det var TV 2 som først melde om dommen.
Tok museplage i eigne hender
Strand var plaga med mykje mus i det 400 år gamle huset sitt. Etter å ha prøvd mange andre metodar for å bli kvitt musa, laga ho seg ei eigenkonstruerte felle. Eit innlegg med bilde av fella på Facebook, førte til at dyrevernorganisasjonen Noah reagerte og melde ho til politiet.
Fella vart plassert i ein låve ved sidan av huset. Der lokka den til seg mykje mus. Musene datt ned i bøtta med frostvæskeblanding, ei blanding som gjer at musene ikkje klarer å svømme.
Under rettssaka uttalte Strand sjølv at fleire hundre mus vart drepen i løpet av 2–3 dagar.
Dyrevelferdsmessig forsvarleg eller ikkje?
Retten tok stilling til om avlivinga er dyrevelferdsmessig forsvarleg eller ikkje. Det kom dei fram til at den ikkje er. Retten konkluderte med at avliving som gjer at dyret ikkje får puste berre kan skje viss det ikkje finst alternativ måte å avlive dyret på. I denne saka meinte dei at Strand kunne velje andre alternativ.
Retten konkluderte med brot på dyrevelferdslova § 12. Retten meiner vidare at handlinga har skjedd forsettleg eller grovt aktlaust, og at den derfor er straffbar.
– Kan ikkje ta fleire hundre mus med klappfelle og katt
– Kvinna eg har representert tek dommen med fatning, seier advokatfullmektig Thor Kleppen Sættem.
Advokat Thor Kleppen Sættem møtte i retten saman tiltalte Linda Strand.
Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRKHan legg til at Strand likevel er skuffa og ikkje forstår korleis retten kunne lande slik dei gjorde.
– Det handlar om at ho har eit hus der mus og skadedyr hadde tatt heilt over. Ho skjønner ikkje heilt korleis ho skulle klare å få bukt med det utan den avlivingsmetoden som ho brukte, seier advokaten.
– Med fleire hundre mus, kjem ein ikkje langt med klappfelle og katt.
Ein metode brukt av mange
Metoden som vart brukt er vanleg over heile landet, meiner advokaten.
– Det finst hundrevis – om ikkje tusenvis – som har avliva mus på denne måten. Det er tilfeldig at kvinna eg no forsvara vart dømt. Andre er sikkert akkurat like uvitande om at dette ikkje er lovleg, slik som retten kom fram til i dag. Så dette er ein ganske heftig klage mot alle dei som har brukt denne metoden, meiner Sættem.
Han legg til at kjente butikk-kjeder sel bøtter meint for å lokke mus ned i.
– Så er det nok ulik forståing på om ein har lov å fylle vatn eller frostvæske i bøttene, eller om det er meininga at ein skal bere bøttene med seg og sleppe musene laus langt ute i skogen, seier Sættem.
Strand har bestemt seg for å anke saka.