«Alle dyr er like, men nokre dyr er likare enn andre», skreiv George Orwell i «Animal Farm». Det er nettopp det neste runde i musefelle-saka kan handle om.
For Linda Strand frå Surnadal på Nordmøre blei dømt til 6000 kroner i bot, etter at ho hadde laga ei felle som ikkje drap musene etter gjeldande dyrevelferd.
Strand anka dommen, men Frostating lagmannsrett ville ikkje behandle den. I går oppheva Høgsterett dette vedtaket, noko som truleg betyr at ankesaka likevel kjem opp i lagmannsretten.
«Forsvarleg avliving»
Strand var forståeleg nok glad for avgjersla.
– Rundt omkring i Noreg er det antakeleg tusenvis av menneske som har forsøkt å få bort skadedyr ved bruk av ei bøttefelle på same måte, uttalar hennar advokat Thor Kleppen Sættem til NRK.
Linda Strand og advokaten Thor Kleppen Sættem under rettssaka.
Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK– Eg er spesielt glad for at Høgsterett peikar på at dyrevelferdsloven ikkje kan vere blind for kva slags dyr det dreier seg om, og dette kan bli ein spennande diskusjon når saka skal behandlast i lagmannsretten, meiner advokaten.
Høgsterett peiker på at det ikkje ligg føre rettspraksis på om skadedyrbekjempelse skal skje på «dyrevelferdsmessig forsvarleg måte». Retten skriv også at avliving av dyr «er relativt ut frå kva omsorg menneske har for det aktuelle dyret».
– Klart lovbrot
Strand blei meld av dyrevernorganisasjonen NOAH etter at ho posta bilde av bøttefella på Facebook.
Siri Martinsen i NOAH meiner at saka ikkje burde ha hamna i retten.
Foto: Bente Isefjær / NOAHNOAH har til no ikkje svart på NRKs spørsmål om kuvendinga i saka, men talsperson Siri Martinsen sa følgande etter at lagmannsretten avviste anka.
– Me meiner det er riktig og bra at lagmannsretten har avvist saka. Saka burde ikkje ha vore teken inn for retten i det heile. Dette er eit klart lovbrot og vedkomande burde ha godteke bota. Drukning av dyr er ulovleg, i alle fall heilt sidan dyrevelferdslova tok til å gjelde. Det er ingen tvil i det faglege her, så det er godt at retten har sett punktum for saka.
Kunne sett musene fri
Etter dommen tingretten i juli var den dømde Linda Strand tydeleg på ein ting:
– Eg vil ikkje ha det på meg at eg er dyremishandlar, sa ho da, og anka.
– Ho meiner det er heilt feil å bli dømd for å verna sitt eige hus mot skadedyr som har invadert heimen hennar, la forsvarar Thor Kleppen Sættem til.
Dommen peikte på at det fanst alternative metodar for å bli kvitt musene.
– Slik retten ser det, kunne ho ha nytta ei bøtte utan vatn/kjølevæske. Straks musene var fanga, kunne ho så ha befordret desse til ein stad med tilstrekkeleg avstand til busetnad og sleppt musene laus der, stod det i dommen.
– Ved drukning blir påført mus betydeleg liding før døden hender, dette sjølv om væskeblandinga medfører at musene ikkje evnar å symja. Alle som skal avliva dyr, må alltid undersøkja om avlivingsmetoden som blir vald, er forsvarleg, heitte det vidare.