Hopp til innhold

Hit bør du reise i 2017

Atlanterhavsvegen er kåra til eitt av 25 reisemål du bør besøke i 2017. Reiselivsnæringa jublar og trur på auka besøk.

Atlanterhavsvegen

På ein grå og trist januardag er der ikkje mange turistar å sjå på Atlanterhavsvegen, men til sommaren kan ein vente seg storinnrykk.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er verdas største nettverk for reiselivsjournalistar og bloggarar, Matador, som har kåra Atlanterhavsvegen til eitt av 25 reisemål du bør besøke i 2017.

– Det er vi sjølvsagt kjempefornøgde med, seier assisterande reiselivsdirektør i Visit Nordvest, Torunn Dyrkorn.

Sjå heile lista her

– Folk vert nysgjerrige

Det å vere på ei slik liste kan få endå fleire til å få augene opp for turistvegen, håper Dyrkorn, som peikar på at det nok ikkje er alle som veit kor Atlanterhavsvegen er.

Torunn Dyrkorn, Visit Nordvest

Torunn Dyrkorn i Visit Nordvest trur listeplasseringa kan gjere at Atlanterhavsvegen får endå fleire besøkande i 2017.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er mange som hentar tips frå slike anbefalingar, for å reise til ein ny stad som dei ikkje visste om. Det at vi kjem på ei slik liste gjer at folk vert nysgjerrige.

Reiseglade folk over heile verda skriv for Matador, og her blir mange reisemål besøkt gjennom heile året. Nokre har teke turen tiil Møre og Romsdal og Atlanterhavsvegen og deretter hatt lyst til å anbefale den populære turistvegen til andre.

– Det står ikkje så mykje om kvar enkelt stad, men eg vil tru at når folk ser bilda, så har dei lyst til å ta turen hit, håper Dyrkorn.

Les også:

Klare for fleire turistar

Atlanterhavsvegen fredag

Atlanterhavsvegen er eit populært mål også for fotografar.

Foto: Ellinor Draagen Vikås

Atlanterhavsvegen er allereie eit populært mål for turistar, og etter Matador si kåring kan vegen verte endå meir populær. Visit Nordvest kjem til å passe på å skryte litt av plasseringa, seier Dyrkorn.

– Atlanterhavsvegen er ein av dei attraksjonane som vi løftar fram alltid, men det å kome høgt i ei slik type kåring vil vi alltid like å reklamere med.

Det er Statens vegvesen og Nasjonale turistvegar som har ansvaret for strekninga og mykje er gjort for å tilretteleggje for besøk frå turistane, men Dyrkorn har fleire parkeringsplassar høgt på ønskelista.

– Det er klart at fleire tiuristar vil skape meir trafikk og det er alltid behov for utbetringar når det gjeld logistikken, for eksempel parkeringsplassar. Eg håper og trur at folk vil trivast når dei kjem hit og at dei ikkje synast her er for mange andre turistar. Folk likar ikkje å ha det trangt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL