Hopp til innhold

Sunnmøring arrangerte sin eigen død – blei vald inn på Stortinget

Små og tilsynelatande harmlause tabbar har fått store konsekvensar for karrieren til nokre politikarar. Ole Martin Gausdal lurte familie, vener og handelsmenn, men fekk seinare stor tillit frå veljarane.

Ole Martin Gausdal til venstre sammen med to brødre fra Geiranger. Gausdal var redaktør i avisa Nordlys og stortingsrepresentant i tre perioder.

Sunnmøringen Ole Martin Gausdal hadde sin politiske karriere i Troms. På sine eldre dagar flytta han tilbake til Sunnmøre. Her står han til venstre saman med brørne sine

Foto: Bildet er utlånt av Are Homlong

Ole Martin Gausdal blei fødd i 1860. Han voks opp på ein gard i Gomsdalen på nordsida av Geirangerfjorden. Han var flink på skulen og fekk difor plass ved lærarskulen i Tromsø. Dette var ikkje vanleg på den tida.

Sunnmøringen jobba seg opp som lærar, lokalpolitikar og handelsmann i Nordreisa. Han hadde mange jarn i elden. Ole Martin Gausdal var ein mann som folk hadde tillit til.

Men i september 1892 var det brått slutt. Ole Martin Gausdal forsvann. Ingen visste kva som hadde skjedd. Han skulle visstnok ha dratt ut i ein båt med ein god del pengar for å betale løn til arbeidsfolk nær heimgarden.

Men han kom aldri tilbake.

For kona må dette ha vore ein tragedie frå ende til annan. Ho sat att med fem små born som ho ikkje kunne forsørgje. Ho sette inn ein annonse i avisa som fortalde at mannen hadde omkome i eit forlis på havet.

Stortingsrepresentant Ole Martin Gausdal (Ap).

Ole Martin Gausdal (Ap) fekk fast plass på Stortinget 20 år etter at han arrangerte sin eigen død.

Foto: Ukjent / Arbeiderbevegelsens arkiv og bib

Sto opp frå dei døde

Men halvanna år seinare kom det eit nytt sjokk. Ole Martin Gausdal blei arrestert på torget i Trondheim der han dreiv med handel. Han hadde arrangert sin eigen død og skaffa seg ein ny identitet for å kome bort frå økonomiske problem og vanskar i ekteskapet.

Men dette fekk ikkje noko særleg konsekvensar for Ole Martin Gausdal. Han slapp med nokre veker i varetekt. Etter kvart var han atter i full sving som handelsmann.

Høyr historia om Ole Martin Gausdal:

Politisk karriere

Og trudde du at han var politisk død etter eit slikt svindelforsøk så var han ikkje det. For det er no at karrieren tar av.

Etter valet i 1903 blir Ole Martin Gausdal varamann til Stortinget for Arbeidarpartiet. I 1912 blir han redaktør i avisa Nordlys. Same året blir han vald inn som fast representant på Stortinget for Arbeidarpartiet og her sit han i tre periodar fram til 1921.

Trass kva han hadde gjort blei Ole Martin Gausdal attvald til Stortinget to gongar. Arbeidarpartiet gjorde gode val med Gausdal på vallista. Han må ha vore ein mann som folk hadde stor tillit til. Svindelforsøket blei ei offentleg sak. Han måtte tole harde angrep frå motstandarane sine.

Men det prella av på veljarane. Dei ville ha Ole Martin Gausdal på Stortinget.

Tankevekkande

Historikaren Hans Olav Lahlum meiner historia om Ole Martin Gausdal er tankevekkande. Han seier det er vanskeleg over 100 år seinare å vite kva folk i samtida tenkte om saka. Sjølv kjenner han ikkje Gausdal si historie. Men Lahlum meiner fleire forhold kan forklare kvifor Gausdal fekk tillit ettertid.

Han peikar på at dette var ei tid der «sterke» menn med makt, kontaktar og karisma i mindre grad var utsett for kritikk. Lahlum legg og vekt på at dette var ei tid med mange personangrep og angrep både på Arbeidarpartiet og andre politiske parti.

Men den viktigaste grunnen er kanskje tidsfaktoren.

Hans Olav Lahlum

Historikaren Hans Olav Lahlum har skrive fleire biografiar om politikarar i Arbeidarpartiet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det gjekk 20 år frå dette skjedde til han fekk plass på Stortinget. Rett etterpå tenkjer eg at ei slik sak ville ha skada han. Men han fekk kanskje god tid til å byggje seg opp att og få tillit. Han blei jo heller ikkje dømd.

Fyrst då Arbeidarpartiet blei eit revolusjonært parti og blei ein del av Den kommunistiske internasjonale var det slutt på Ole Martin Gausdal sin politiske karriere. Han braut ut av partiet og stilte til val for det nystifta sosialdemokratiske partiet. Ved stortingsvalet i 1921 nådde han ikkje opp. Men framleis fekk han tillitsverv og posisjonar lokalt.

Kunne dette ha skjedd i dag?

Hans Olav Lahlum spør seg om det kunne ha skjedd i dag at ein person blei vald inn på Stortinget sjølv om vedkommande hadde ei alvorleg kriminalsak nokre år før. Han meiner det finst liknande saker i vår tid, sjølv om det ikkje har vore svindel der nokon har gitt seg ut for å vere død.

– Ja, eg trur det kunne ha skjedd i dag. Og det er vel bra i eit demokrati at ein kan sone straffa si og så få sjansen til å kome tilbake og få ny tillit.

Høyr fleire historier om politikarar opp gjennom tidene. Her kan du mellom anna finne ut kvifor ein av dei vart kalla «Tutarhornet på Thinget»: