Hopp til innhold

Her stanser politiet sjåføren på gangvegen

Bilistar i Molde sperra augene opp då dei såg politiet følgje etter ein bil på fortauet. Sjåføren hadde fått eit illebefinnande, og måtte ha hjelp til å stoppe.

Politijakt på fortauet i Molde.

Åse Lønset var ute og køyrde saman med sonen og dottera då sonen Simen fanga køyringa på kamera.

– Vi såg med blålysa og la med ein gong merke til at dette var noko spesielt, seier ho.

– Heldigvis fekk dei stoppa han kort tid etter. Men det såg farleg ut.

Rykte ut etter meldingar frå bilistar

– Vi fekk fleire meldingar om vanvittig køyring, så vi rykte ut til det.

Det opplyser operasjonsleiar Øyvind Sund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Han understreker at sjåføren ikkje var ruspåverka, men at han hadde snakk om ein sjukdomssituasjon.

Mannen i 60-åra har nok køyrt eit stykke, og delar av dette altså på gangvegen. Det er kanskje snakk om ein 4-500 meter på gangvegen. Kor langt han har køyrt før det, veit vi ikkje, seier Sund.

Mannen blei sendt til sjukehus for sjekk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL