Hopp til innhold

Her forsvinn 35 stillingar

ABB fjernar 35 stillingar frå fabrikken i Ulsteinvik. Dei etterlyser klarare signal frå regjeringa om satsing på grøn teknologi.

ABB fjernar 35 stillingar frå fabrikken i Ulsteinvik.
Dei etterlyser klarare signal frå regieringa om satsing på grøn teknologi.

Det er vanskelege tider for næringslivet på Sunnmøre og til liks med mange andre bedrifter må ABB i Ulsteinvik seie opp folk. Ut på nyåret blir dei 35 færre på fabrikken. 20 av desse er tilsette i ABB, medan 15 er tilsett i KR Elektro. Den maritime klynga set pris på kompetansen deira, og salssjef Joar Gjerde, seier at sjølv om folk må gå, forsvinn ikkje kunnskapen.

– Det er alltid kjedeleg når slike ting skjer, sjølv om vi bevarer kjernekompetansen innanfor den teknologiske delen. Vi mister sjølvsagt produksjonskompetansen som er her i Ulsteinvik, seier Gjerde.

ABB etterlyser no ei klarare satsing frå politikarane på ei grøn teknologi.

– Vi synest ikkje dei har vore så veldig tydelege. Det har kome eit og anna drypp, men spesifikt har dei ikkje kome med noko, seier dagleg leiar i ABB Ulsteinvik, Pål Idar Strand.