Hopp til innhold

Sparar millionar på at pasientane slepp å møte opp på sjukehuset

MOLDE (NRK): Digitale behandlingstimar og lågare reisekostnader har ført til at sjukehusa i Noreg til saman sparer fleire hundre millionar kroner. For Mattis (10) har det redusert reisetida med fleire timar.

Mattis Reine Ruset

Eit manglande veksthormon gjer at Mattis må få tilskot av eit hormon kvar dag. Dette fører til at han må undersøkast av lege ofte. Fram til i år har han vore nøydd til å reise heile vegen til Ålesund for ein fem minutts konsultasjon fleire gonger i året.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mattis Reine Ruset frå Molde er på sin «ørtande» legetime hos barnelegen sin på Ålesund sjukehus.

Men han er ikkje der fysisk.

I dag brukar han berre åtte minutt for å kome seg til timen. Mattis skal nemleg kople seg opp digitalt frå sjukehuset i heimbyen Molde. Gjennom videosamtale skal han ha kontakt med legen sin som oppheld seg på sjukehuset i nabobyen Ålesund.

– Det er fint og veldig kult. Og då treng ikkje mamma å ta fri frå jobben sin og eg treng ikkje spørje om fri frå skulen.

Mattis har ikkje berre seg sjølv i tankane når han tenkjer over kva betydning eit digitalt møte med ein lege har å seie.

– Det er bra for dersom nokon skal heilt til Trondheim for eksempel, så kan dei berre gå ned hit i staden.

Mattis Reine Ruset

For Mattis er det positivt at han kan halde fram med timane sine slik som dette. Han har mange legetimar igjen før han blir 18.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Også morfar Arne Ruset synest det er fint å kunne ta timen på video. Han har sjølv lang fartstid innan helsevesenet og meiner at dette er eit skikkeleg framskritt.

– Det kjem mykje vond ut av situasjonen vi er i for tida. Men akkurat her har det vore med på å sette fart i ein prosess. Dette får vi stor glede av i helsevesenet framover.

Morfar Arne Ruset

Morfar Arne Ruset har vore med på ein tur til Ålesund før og synest det er kjekt at barnebarnet ikkje treng å bruke lang tid på ein legesjekk lengre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Norske helseføretak har spart millionar

Økonomisjef i Helse Vest, Terje Arne Krokvik.

Økonomisjef i Helse vest, Terje Arne Krokvik.

Foto: Helse Vest

Helse Møre og Romsdal har spart 30 millionar kroner til no i år, men er ikkje eineståande når det gjeld store innsparingar på reisebudsjett for både pasientar og tilsette. Ifølgje tal som NRK har henta inn, har alle helseregionane i Noreg fått ei markant endring frå i fjor.

Region Vest sparte nesten 100 millionar på reduserte pasient- og tenestereisekostnader i 2020 i forhold til fjoråret, medan Helse Nord med sine store avstandar sparte heile 115 millionar til saman.

Når pandemien er over reknar økonomisjef Terje Arne Krokvik i Helse Vest med at reiseaktiviteten kjem til å auke igjen. Likevel ønskjer ikkje dei å gå heilt tilbake til det same reisemønsteret som dei hadde før koronaviruset kom.

– Vi vil heller kome til ein «ny normal» der vi i større grad enn før pandemien brukar digitale verktøy.

Fagdirektør i Helse Midt-Norge, Henrik Andreas Sandbu

Fagdirektør i Helse Midt-Noreg, Henrik Andreas Sandbu

Foto: Helse Midt-Norge

Sjukehusa i Midt-Noreg hadde allereie ein plan om å auke talet på digitale konsultasjonar. Då koronaen kom i mars var regionen blant dei som hadde raskast vekst i videokonsultasjonar, seier fagdirektør Henrik Andreas Sandbu.

Han seier at så langt ser sjukehusa berre fordelar med slike møte mellom behandlar og pasient. Ei spørjeundersøking viser at pasientar, pårørande og behandlarar svarar at det fungerer fint.

– Vi kjem til å vidareutvikle bruken av videomøte med pasientar. I dag møter dei på video når dei ikkje treng kome til fysiske undersøkingar. Men vi ser også på andre måtar å få til samkonsultasjonar på, der pasienten blir undersøkt av fastlege eller ein lege på eit lokalsjukehus, medan pasienten er på video.

– Positivt for både lege og pasient

Viseadministrerande direktør Heidi Nilsen i Helse Møre og Romsdal fortel at helseføretaket har hatt mange tusen digitale møte med pasientane sidan mars.

– Det ser vi har hatt ein positiv effekt for både for tilsette og pasientar, og du får meir effektiv bruk av tida. Slik kan vi tilby best mogleg tenester til pasientane våre.

Heidi Nilsen, Helse MR

Heidi Nilsen er assisterande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Innsparingar på dette området kjem til gode på andre stader i budsjetta, som til gjengjeld kjem pasientane til gode, meiner ho.

Vil du seie at det er ein positiv effekt av korona?

– Ja, fordi det har ført til at vi har omstilt oss på ein annan måte enn tidlegare. Før mars hadde vi veldig få videkonsultasjonar.

Nilsen vedgår at enkelte pasientar synest det er vanskeleg å ta i bruk dei digitale løysingane.

– Der ein ikkje kan bruke video, blir pasientane framleis kalla inn til sjukehuset.

Molde sjukehus
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL