NRK Meny
Normal

Helikopter hjelper med trappestøyping

Støypinga av dei nye trappene til Fjellstua i Ålesund er i gang. For å kome til den bratte fjellsida har anleggsfolka skaffa seg helikopterhjelp.

Arbeidet med renoveringa av trappene opp til Fjellstua i Ålesund, er i rute til opninga i mai. I dag vart helikopter tatt i bruk i arbeidet med støypinga lenger nedover i trappene.

VIDEO: Helikopteret frå Nord Helikopter løfter lass etter lass med betong til Fjellstua-trappene.

Helikopter hjelper med trappestøyping
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei øvste trappetrinna på den nye trappa blei støypt på vanleg måte med pumpebil, men no er terrenget blitt brattare og meir utilgjengeleg.

– Det er eit stykke til vi er nede, så vi kjem til å bruke helikopter ein god del framover, seier Lars Tysse, anleggsleiar ved entreprenøren Søvik og Skåravik AS som utfører rehabiliteringa av dei berømte trappene.

Godt vêr

Lars Tysse

Lars Tysse er anleggsleiar ved entreprenøren Søvik og Skåravik AS.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Anleggsfolka har vore heldige med vêret, så dei er godt i rute. Dei nye trappene skal vere ferdige i mai neste år.

– Det er ikkje godt å vite kva som kjem i januar-februar, så vi må berre stå på no når det er godt vêr så vi kjem oss lengst mogleg nedover.

Krevjande

Støypearbeidet i den bratte fjellsida av Aksla set mannskapa på prøve, både anleggsarbeidarane og pilotane i helikopteret får brynt seg på ein arbeidssituasjon litt utanom det heilt kvardagslege.

–Det er krevjande, men har vi veldig flinke folk som kan det dei driv med både i helikopteret og på bakken, seier Torstein Grodås Standal som er marknadssjef i Nord Helikopter.

Han synest det er svært hyggeleg å få vere med på å bygge noko som betyr så mykje både for fastbuande og turistar.

Sjå fleire bilete i albumet under.

Gå til forsiden

Helikopterstøyping ved Fjellstua i Ålesund

Helikopter støyper trapper

Helikopterstøyping ved Fjellstua i Ålesund

9 bilder