Hopp til innhold

Snøen skaper parkeringskonfliktar - slik held dei plassen opptatt

ÅLESUND (NRK): Folk som har brukt tid på å moke, er lei av at naboen tar parkeringsplassen. No set dei ting i vegen, men ifølgje kommunen er det ulovleg.

Held parkeringsplassen opptatt med korgstol

I Ålesund går folk kreativt til verks for å halde parkeringsplassane opptatt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Dei som har moka parkeringsplassen vil jo gjerne ha den tilbake når dei kjem frå jobb. Då set ein ting der som viser at dette er min plass og denne har eg moka, seier Leif Ivar Engelstad.

Parkeringsplassane er offentlege og kan brukast av alle bebuarane i området. Mange synest det er urettferdig at naboen tar ferdigrydda plassar.

Krakk for å halde parkeringsplass reservert i Ålesund
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

La stige i vegen

I Engelstad si gate er både søppeldunkar og kosteskaft brukt for å markere opptatt parkeringsplass. I andre gater står det korgstolar og fargerike plastbøtter.

Engelstad har sjølv brukt å legge ein stige over parkeringsplassen for å hindre andre i å ta den. No har han bygd seg garasje for å sleppe problemet, men har stor sympati for dei som prøvar å reservere seg ein parkeringsplass.

 Leif Ivar Engelstad

Leif Ivar Engelstad har sprengt ut tomta og bygt garasje for å sleppe problemet med gateparkering.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Engelstad synest det er frekt å ta ein plass som andre har brukt fleire timar på å rydde.

– Dessverre er ikkje alle like flinke å moke. Hadde alle tatt i eit tak og kommunisert litt, trur eg mykje av problemet hadde vore løyst. Det handlar om å moke plassen framfor sin eigen bustad, seier Engelstad.

Heimesjukepleia treng plass

Nabo Rolf Amundsen er i full gang med å koste bilen og fjerne brøytekanten. Han kjenner godt igjen kjensla av å ha brukt mykje tid på snørydding til ingen nytte.

– Når du har spadd fire parkeringsplassar på ein kveld, blir du sur, seier Amundsen. Han sett likevel ikkje hindringar i vegen. Han meiner det er viktig at til dømes heimesjukepleiarane finn ledige plassar. Likevel håper han at ingen andre tar plassen han no bruker tid og krefter på.

Rolf Amundsen i Ålesund ryddar snø

Rolf Amundsen meiner det er feil å sperre parkeringsplassen med gjenstandar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ulovleg å resevere plass

Ålesund kommune seier at store snømengder har ført til færre parkeringsplassar i gatene enn vanleg.

– Eg forstår godt at det er freistande å reserve ein parkeringsplass etter å ha spadd i mange timar, men det er faktisk ikkje lovleg å sette ting ut i gata, seier avdelingsleiar i Ålesund kommune, Helene Vorren.

No skal kommunen stenge enkelte gater og rydde bort snøen. Håpet er at det skal ordne problemet.

Verksemdsleiar i Ålesund, Oddvar Kongsvik, seier dei har parkeringsvakter som følgjer med på om ting står i gatene. Han ber folk om å bruke sunn fornuft.

Vil det få konsekvensar for dei som sett ut gjenstandar?

–Vi er ikkje politi, men vi fjerner det som står til hinder i gatene, seier Kongsvik.

NRK tok ein sjekk med Møre og Romsdal politidistrikt. Dei hadde ikkje loggført hendingar knytt til slike «reservasjonar» dei siste to dagane.

– Det har ikkje vore ein problemstilling hos oss etter det eg kjenner til, seier operasjonsleiar Arild Reite.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL