Hopp til innhold

Heilomvending for Todalsfjorden

Sunndal kommune har snudd og går vekk frå tunnel under Todalsfjorden. Dermed kan bruforkjemparane juble.

Sunndal kommune har snudd og går vekk frå tunnel under Todalsfjorden. Dermed kan bruforkjemparane juble.

30 år etter at arbeidet tok til, tok ferjefri kryssing av Todalsfjorden i dag eit langt steg nærare realisering. Eit samrøystes kommunestyre i Sunndal går no inn for ei løysing dei fleste berre bles av for fire år sidan.

Kommunen vil jobbe for bruløsning over Todalsfjorden.

Ola Hals

Ola Hals har kjempa for bru over Todalsfjorden i fleire år.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Om fem-seks år kan vi vere ferdig dersom alle arbeider i takt, seier Ola Hals som sidan 2010 har leia aksjonsgruppa for bru over Todalsfjorden.

Les også:

Frå urealistisk til realistisk

Då aksjonsgruppa inviterte til folkemøte med ein bruekspert i 2011 var det berre ordføraren i Sunndal som møtte opp fra fjordkrysningsprosjektet sitt styre og ikkje ein gong han var overbevist.

– Eg trur det er lite realistisk med bru over Todalsfjorden. Det mest realistiske er den lange tunnelen, sa sunndalsordførar Ståle Refstie (Ap) den gong.

Men i dag, fire år etter, i same sal var det det urealistiske forslaget som samrøystes vart vedteke. Tida har gått og mykje arbeid har vore gjort. No anbefalar Statens vegvesen til og med bru og seier at det ikkje er noko dyrare enn noko anna.

– Når det har ein mykje betre samfunnsmessig effekt for Nordmøre, så går vi sjølvsagt for det, sa Ståle Refstie etter kommunestyrevedtaket i dag.

Sunndal sitt vedtak er identisk med det nabokommunen Surnadal gjorde i førre veke. Med lokalpolitikerane overbeviste, må dei no saman med bruforkjemperane overbevise fylkestinget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL