Hopp til innhold

Sette punktum for mangeårig debatt

Fylkesutvalet har sett endeleg punktum for ein mangeårig debatt. Også dei vil ha bru over Todalsfjorden.

Fylkesutvalet

Fylkesutvalet gjekk måndag kveld inn for bru i staden for tunnel over Todalsfjorden.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tidlegare har kommunestyra i Sunndal og Surnadal gått inn for lang tunnel, men no har dei snudd og vil ha brualternativet.

Måndag kveld sa også fylkesutvalet ja til bru.

– Enormt viktig

Lilly Gunn Nyheim (Ap)

Ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim (Ap), jublar for vedtaket om bru over Todalsfjorden.

Foto: Trond Vestre / NRK
Frank Sve

Frank Sve er ein av politikarane i fylkesutvalet som har stått fast på at bru er det beste alternativet for kryssing av Todalsfjorden.

Foto: Triond Vestre / NRK

– Dette er enormt viktig, sa ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim (Ap), etter vedtaket i fylkesutvalet.

Nyheim gir Frank Sve (Frp) mykje av æra for at saka fekk denne vendinga.

– Det spelar inga rolle kven som skal ha æra for det. Det viktigaste er at vi får eit godt prosjekt, svarer Sve.

Han meiner fylkesutvalet har fått mykje pes for at dei også tidlegare har vald å gå for bru.

– Alle andre ville ha tunnel. Vi er veldig glade for at både ordføraren i Surnadal og andre ser at det er bru som er det rette.

Og no blir det bru?

– Ja, definitivt.

Håper på tidleg byggestart

30 år etter at arbeidet tok til, tok ferjefri kryssing av Todalsfjorden i mai eit langt steg nærare realisering. Eit samrøystes kommunestyre i Sunndal gjekk då inn for ei løysing dei fleste berre bles av for fire år sidan.

Surnadal-ordførar Lilly Gunn Nyheim poengterer at det var dei aller fleste som meinte bru var betre enn tunnel, men at det var prisen som gjorde at ho og andre gjekk for tunnel i utgangspunktet.

– Eg har håp om byggestart snarast mogleg, eg trur det er realistisk med 2018-2020.

Frank Sve trur det kan gå endå raskare å sette i gang.

– Regjeringa si løysing med ferjeavløysingsmidlar over 40 år er med på å bidra til at kryssinga av Todalsfjorden kan kome vesentleg raskare fram.

Flytebro Todalsfjorden

Flytebroen åpnes og skip kan passere. Det er moderne teknologi som ligger bak de nyeste skissene til flytebro over Todalsfjorden.

Foto: LMG Marine

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL