Hopp til innhold

Viste fram låtskrivartalentet

Av 3100 bidrag er Inge Boska Akerø blant dei få som får vise fram låten sin under NRK-satsinga «The Hit».

Inge Boska Akerø synger låta "Anybody Out There". Fra The Hit program en.

SJÅ OG HØYR LÅTEN: Inge Boska Akerø framfører låten «Anybody Out There». Låten er bidraget hans i talentkonkurransen «The Hit» på NRK1.

Inge Boska Akerø er meir kjend som musikar og trubadur enn som låtskrivar. Med deltakinga i «The Hit» på NRK1 kan det fort snu seg.

– Låtskriving er det kjekkaste eg veit. Eg kosar meg når eg er heime i studioet, arrangerer og leikar meg, fortel 42-åringen som har studio heime i huset på Vartdal i Ørsta.

– Betre enn Idol

Snikkaren og formannen, som også spelar i banda Glaze og Scramble Eggs, er meir van med å framføre coverlåtar enn eige materiale.

– Det kjenst litt tryggare å framføre andre sine songar, men etter dette kan det nok hende at eg tør å satse meir på eige materiale, seier han.

Sjølv om det finst mange andre talentkonkurransar for dei som er glade i musikk, var det først då «The Hit» dukka opp, at han fekk lyst til å melde seg på.

– Eg likar dette konseptet betre enn Idol og slikt. Eg trur dessutan at det er mange andre der ute som skriv gode låtar som ikkje kjem seg ut av skrivebordsskuffen, seier han.

«Ikkje så staurgale»

3100 låtskrivarar melde seg på konkurransen, og av desse vart eit lite knippe valt ut vidare.

– Eg er ikkje av typen som struttar med sjølvtillit. Men sidan eg har kome så langt i konkurransen, er det vel ikkje så staurgale det eg held på med, seier låtskrivar-talentet.

Les også: Over tre tusen bidrag til «The Hit»

Han har skrive songtekstar heile livet, og hadde også fleire på lager då han kontakta programmet. Det var folka bak «The Hit» som til slutt valde ut kva som skulle bli bidraget hans.

– Kva handlar låten «Anybody Out There» om?

– Han vart skriven på ein dårleg dag. Eg tenkte kanskje litt i same baner som Beatles då dei skreiv låten «Help». Det er ein litt personleg tekst som eg skreiv då eg var trist, men som eg no føler er ei gladlåt, seier Akerø og skildrar låten som «ein terapi-låt».

Med skrekkblanda fryd

Fredag kveld konkurrerte han mot fem andre låtar i den første episoden av «The Hit» som går på NRK1. Der skulle D'Sound og Atle Pettersen velje ut kvar si favorittlåt. I forkant av premieren var Akerø usikker på om han turte å sjå heile direktesendinga.

– Eg veit ikkje heilt om eg tør. Det vert veldig rart å sjå meg sjølv på TV-en på ein slik måte, fortel ålesundaren.

Kona og ein gjeng kompisar skal uansett benke seg framføre skjermen heime i stova.

– Det kan vere eg må gå ut ein gong i blant av spenning, men eg skal prøve å få med meg det meste, ler han.

Epilog: Låten «Anybody Out There» var ikkje den som fenga mest for D'Sound og Atle Pettersen. Men om du vil høyre meir frå Inge Boska Akerø, kan du til dømes sjekke ut Urørt-sida hans.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL