Hopp til innhold

Nådde ikkje opp i The Hit

«Damer og solnedgang» frå Sunnfjordduoen Jan Tore Befring og Håvard Erle frå Førde nådde ikkje opp i The Hit på NRK1 fredag kveld.

The Hit

NÅDDE IKKJE OPP: DDE og Sunnfjordduoen Jan Tore Befring og Håvard Erle.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Vi klarte det nesten, men eg er godt nøgd likevel. Det er stort berre det å ha fått vore med, seier Jan Tore Befring.

Heile 3262 låtar vart i vår sende inn til musikkprogrammet The Hit t. 42 vart valde ut, og i haust har 14 norske artistar spelt inn si favorittlåt.

I kveld stod det sju låtskrivarar att og ein vinnar skulle kårast.

Songen «Damer og solnedgangar» som Erle og Befring har laga, vart plukka ut av DDE som den av seks songar dei meinte hadde størst potensial.

Trudde det skulle gå

Dei to låtskrivarane frå Førde var sjølve svært optimistiske før finalen.

– Eg trur det kan gå ganske bra i og med at det er den einaste norskspråklege låta. Einaste problemet kan vel vere at det ikkje er alle som forstår trøndersk, lo ein optimistisk Håvard Erle.

I staden vart det «Story of love». av Geir Arne Hansen, og framført av Trine Rein som stakk av med sigeren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vinnarane av The Hit

VINNARANE AV THE HIT: Trine Rein og Geir Arne Hansen

Foto: Julie Marie Naglestad / NRK

Kunne ikkje drøymt om meir

– Det var ein verdig vinnar. Det var ingen dårlege låtar som var med i kveld. Låten er jo meir mot Country som er populær sjanger i heile landet, seier Befring.

Kva betyr det for dykk å ha vore med i dette programmet?

– Vi håpar jo å få litt blest om bandet vår "Drusar", og det har vi jo for så vidt lukkast med. Vi kunne ikkje drøymt om noko meir eigentleg.

– Og så har dei skrive ein song som DDE no har i repertoaret?

Ja dei har spelt den live to gonger allereie og fått kjempegode tilbakemeldingar, så no skal det feirast!

I tillegg til låten til Erle og Befring var desse låtane med i finalen:

  • Geir Arne Hansen: «Story of love». Framført av Trine Rein.
  • Mathilde Johnson: «Physical love». Framført av A1.
  • Lavie Hassani: «Hold On». Framført av Vidar Busk.
  • Kamilla Wigerstrand: «Stormy Nights». Framført av Helene Bøksle.
  • Sophie Rose Strømme: «When loving takes over». Framført av Jørn Hoel.
  • Andreas Gjones: «Never Ending Light». Framført av D'Sound.