Hopp til innhold

Thomas fann noko heilt unikt på fjelltur

For første gong er det gjort funn av eit reingevir i Sunnmørsalpane. Ekspertar trur geviret kan vere fleire tusen år gamalt.

Funn av reingevir på Leirvasshornet i Stranda. Thomas Skogvold.

FANN REINGEVIR: Thomas Skogvold var på fjelltur då han kom over eit reingevir på Leirvasshornet. Reingeviret er det første funnet i sitt slag i Sunnmørsalpane.

Foto: Privat

For Thomas Skogvold skulle fjellturen til Leirvasshornet vise seg å bli mykje meir spennande enn han hadde venta.

Då han nyleg tok turen til den 1533 meter høge toppen i Stranda kommune på Sunnmøre kom han over eit historisk funn. Der hadde nemleg eit reingevir smelta fram frå isen.

– Eg kjem frå nabobygda Sykkylven, så det er veldig artig å ha funne noko slikt i nærområdet. Eg tenkte det måtte vere gamalt og at det mest fornuftige var å la det ligge, fortel Skogvold.

– Funnet flyttar grenser

For å sikre at funnet ville bli tatt hand om på rett måte var han rask til å kontakte andre med meir ekspertise. Skogvold var sjølv vegvisar då funnet blei henta ned frå fjellet.

Jørgen Rosvold Ass. forskningssjef Terrestrisk naturmangfold Norsk institutt for naturforskning - NINA

Jørgen Rosvold seier at funnet er eitt av dei mest kystnære som er gjort i Noreg.

Foto: Privat

Funnet av reingeviret frå isbreen på Leirvasshornet er eitt av dei mest kystnære som er gjort i Noreg, seier Jørgen Rosvold, assisterande forskingssjef ved Norsk institutt for naturforsking, NINA.

Han er landets fremste ekspert på funn av fauna, altså restar av dyr og fuglar, i brear som smeltar fram.

– Funnet i Sunnmørsalpane flyttar grensa for kvar vi veit at rein har levd i tidlegare tider, seier Rosvold.

Funnet av reingeviret kan vere eitt av dei mest kystnære som er gjort i Noreg.

Snøsmelting har avdekt ein rekke funn

Dei siste åra har snøsmelting i fjella ført til at fleire historiske skattar har kome fram i lyset. Slik har ein jaktkultur som ingen tidlegare har visst om blitt avdekt. For nokre år sidan fann arkeologar blant anna bogestillingar og fangstanlegg frå steinalderen høgt oppe i fjella på Sunnmøre.

Funn av reingevir på Leirvasshornet i Stranda.

Thomas Skogvold var på fjelltur då han kom over eit reingevir på Leirvasshornet.

Foto: Thomas Skogvold

Lokalhistorikar Astor Furseth har hatt tallause turar i fjellet og tidlegare påvist at det blei jakta reinsdyr i fjella på indre Sunnmøre for over ti tusen år sidan.

Det første reinfunnet på vestsida av Storfjorden begeistrar fjellmannen. Storfjorden er 110 kilometer lang, frå Breisundet ved storhavet og heilt inn til Geiranger.

– Det er eit heilt fantastisk funn som låg akkurat i kanten av isbreen. Dette kan føre til ny kunnskap om historia. Vi har funne spor fleire tusen år gamle spor etter rein i Tafjordfjella. Og vi har lenge lurt på om reinen også kryssa Storfjorden i eldre tider. Og det er kanskje nettopp dette vi har funne bevis for no, seier Furseth.

Skal finne ut kor gamalt geviret er

Arkeolog Runar Hole var også med på turen for å hente ned geviret frå fjellet. Han seier at det er spesielt at det har vore rein så høgt oppe i fjellet.

Bogestilling frå steinalderen funne ved Brekketind i Sunnmørsalpane. Tinden ligg i Stranda kommune.

På Brekketind i Sunnmørsalpane er det funne bogesteller. Det er skjul som steinaldermannen laga for å kome tett innpå reinsdyret han jakta på.

Foto: Astor Furseth

– Det er kjempespennande at det har vore dyr der. Det er nok eit fjell det har vore vanskeleg for dei å kome opp på, seier han.

Hole er spesialist på fangstanlegg frå dei tidlegaste tider og er spent på kor gamalt det kan vere.

– Det er lite sannsynleg at det er eldre enn 6000 år, men det kan vere inntil 6000 år. Det låg i ei grop som viser at det er gamalt og at det nettopp hadde kome fram frå isen, seier Hole.

No blir det sjeldne funnet sendt til DNA-analysar og datering. Først då vil ein kunne avklare akkurat kor gammalt det er.

Arkeolog Runar Hole og lokalhistorikar Astor Furseth.

Lokalhistorikar Astor Furseth og arkeolog Runar Hole og sikrar seg bilde av geviret som blei funne i brekanten.

Foto: Thomas Skogvold