Hopp til innhold

– Har gjort funn som kan endre historia

Breane smeltar og eldgamle ting kjem fram i lyset. Arkeologar har funne bogestillingar og fangstanlegg frå steinalderen høgt oppe i fjella på Sunnmøre.

Arkeologiske funn Sunnmøre

Arkeologane fann 56 slike bogestillingar på Krynkelen, 1500 meter over havet. Desse vart brukte når ein skulle skyte rein med pil og boge på nært hald, slik det er teikna inn her.

Fem arkeologar frå Bergen har nyleg avslutta ein ekspedisjon over fire dagar i Tafjordfjella. Dei har konsentrert seg om fjellplatået på Krynkelen, 1500 meter over havet.

– Dei har funne 56 bogestillingar, truleg frå eldre steinalder. Det seier lokalhistorikaren Astor Furseth, som har vore ein pådrivar for å få arkelogane til sunnmørsfjella.

Arkeologiske funn Sunnmøre

Fem arkeologar frå Bergens Museum og Universitetet i Bergen har har funne mykje på fire dagar.

– Snøbreane har dei siste åra minka så voldsomt at det dukkar opp ting vi ikkje har sett før, seier Furseth. Det er funne piler, neverkrullar og mykje anna som kjem frå folk som har jakta på rein i eldgamle tider.

Ukjend fangstkultur fram i lyset

– Kvifor er dette så interessant?

– Fordi vi her ser ein fangstkultur høgt oppe i fjellet i Møre og Romsdal som har vore ukjend. Vi har blitt kjend med dette først dei siste par åra.

– Betyr dette at historia må skrivast om?

– Ja, alt tyder på at mange folk levde og arbeidde i høgfjellet langt tilbake i steinalderen.

Astor Furseth

Lokalhistorikaren Astor Furseth har gått mykje i fjella på Sunnmøre. Men det er først dei siste åra at snøsmelting har ført til at gamle fangstanlegg har kome fram i lyset.

Fram i lyset

Astor Furseth (75) frå Fjørå i Norddal har opp gjenom åra gått mykje i fjellet, men utan å legge merke til desse tinga. No kjem dette fram i lyset, takka vere snøsmeltinga.

– Kva skjer vidare no?

– Arkeologane skal analysere funna, og skrive rapportar. Det blir spennande å sjå korleis dei daterer det som er funne. Uansett er det nesten ufatteleg å tenke på at folk dreiv med jakt og fangst så avsides, høgt oppe i fjellet.

– Dette handlar om det gløymde folket i høgfjellet, seier Astor Furseth, som no må leve i spenning til arkeologane kjem med konklusjonane sine.

Fonna

Snøbreane har minka voldsomt dei siste åra. Nye ting (eller rettare sagt gamle)har kome fram i lyset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL