Hopp til innhold

Har funne ein erstattar for Müller

Overlegane i Ålesund, Volda og Kristiansund vil bli kvitt Bernd Müller, som foretakstillitsvald for alle legane i fylket. Dei har funne ein motkandidat til moldelegen.

Margaret Sævik Lode

Margaret Sævik Lode har ikkje tillit til at Bernd Müller gjer ein god jobb for alle sjukehusa i fylket.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Bernd Müller

Bernd Müller har ei dobbeltrolle foretakstillitsvald for alle legane i fylket, samstundes som han er hovudtillsvald for overlegane ved Molde sjukehus.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er ikkje val før i september, men overlegane på Sunnmøre og Nordmøre jobbar for å få bort Bernd Müller. Moldelegen har ei dobbeltrolle som foretakstillitsvald for alle legane i fylket, samstundes som han er hovudtillsvald for overlegane ved Molde sjukehus. Overlegane meiner Müller berre taler Molde si sak og fryktar at viktige funksjonar vil forsvinne frå sjukehusa på Sunnmøre.

God motkandidat

Müller hadde ei sentral rolle i å fjerne Helse Midt-direktør Trond Michael Andersen, og måndag skreiv VG at dei tillitsvalde la press på Andersen om å få Astrid Eidsvik til å gå.

– Eg vil ikkje seie kven det er, men vi har ein god motkandidat, seier Margaret Sævik Lode. Ho er hovedtillitsvald for overlegane i Ålesund.

Har ikkje tillit

For å kunne byte ut Bernd Müller før tida, må han anten godta det sjølv eller så må styret i overlegeforeininga vurdere at han har handla i strid med vedtektene.

– Vi må ha ein foretakstillitsvald som ikkje er så nærsynt når det gjeld Molde sjukehus. Det er vanskeleg å ha tillit når han har fleire roller, seier Sævik Lode.

Bernd Müller vil ikkje kommentere saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL